Romsdals Budstikke sjekka svaret frå samferdsleministeren og statleg bruk av midlar hittil på Møreaksen er 430 millonar, ikkje 335 millionar som Harald Espeland skriv. I tillegg kjem kommunal og fylkeskommunal penge og ressursbruk.

Så har Espeland rett i at eg siterte Frank Sve med 700 millionar brukt og det er antakelig for mykje og dermed feil.

Likevel tillet eg meg å sitere direkte frå svaret gjengitt i Budstikka:

«Det er ikkje mogleg å få ut absolutt alle utgifter til konseptvalutgreiingar, tilleggsutgreiingar til konseptvalutgreiingar og kvalitetssikring av konseptval (KS1) for E39 Ålesund-Molde mellom anna ut frå at data for fleire personellressursar ikkje er spesifiserte på prosjekt. Desse utgiftene er derfor ikkje inkludert i dei tidlegare svara nemnd ovanfor, og kan heller ikkje bli svart på no».

Vi veit altså ikkje kor mykje dette har kosta hittil, men at det er meir enn 430 millionar er klart.

Fannestranda var planlagt med 4-felt og alleen skulle fjernes og i det høve kom omgrepet motorveg opp. Rasering av Fannestranda sa fleirtalet i kommunestyret nei til.

Klimakrisa gjer at SV vil unngå store samferdsleprosjekt som laga meir biltrafikk. Vi vil ha meir gods over på kjøl og bane og meir buss og tog for persontrafikk. Sykkel og gange må det legges meir til rette for. Alle desse tiltaka må få dei store pengane! Det gjer dei ikkje i dag for i dag går desse pengane til gigantprosjekt vi ikkje treng. Vi treng trygge og rassikre vegar mellom ferjeleia.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal