Harald Espeland har fått det for seg at SV kan bestemme mykje. Rett nok var vi med på å ta vekk bypakken og redde Fannestranda (vi fremma på nytt eit forslag frå Borgerlisten og då fekk det suverent fleirtal i kommunestyret). Vi sparte folk i Molde for ei gedigen bompengerekning og 9 bomstasjonar! Alt dette altså med solide fleirtalsvedtak i Molde kommunestyre.

Møreaksen skulle gå i tunell frå vest for Reknes til Roseby. I dag er han planlagt i tunell frå Julbøen – unntatt ved Kringstadsetra – og til Bolsønes.

Mangla berre tunell fram til Lergrovik og avkjøring på Reknes. Dette har skjedd fordi SV og mange andre har pressa på. Skulle berre mangle at Molde SV ikkje skulle legge fram forslag om dette. Vi har ikkje fått fleirtal for dette ennu, men det kjem.

Alt dette er det stort fleirtal for i Molde, men posisjonspartia tør ikkje stemme for, då dei er redd for at dette skal forstyrre Møreaksen.

SV har hatt to mål for auge. Jobbe mot Møreaksen og gjøre han bedre i fall han skulle bli vedtatt.

Viktigast er det å berge Molde for støy og støv frå vegvesenet sitt klimaversting-prosjekt. Vil staten bygge E39 Møreaksen skal han ikkje få ødelegge byen vår og staten må betale kalaset sjølv og ikkje med bompengar og bomring.

Bypakken tilliks med Møreaksen har ikkje vore vedtatt med pengar i nokka folkevalt organ og SV vil kjempe for at slik vil det bli.

Vegvesenet har brukt omlag 700 millionar på å planlegge Møreaksen. Mykje god sykkelveg kunne ein ha fått for dei pengane.

Så tjene det Espeland til lita ære å kalle oss i SV for løgnarar. Molde SV har i mange år vore ein seriøs deltakar i moldepolitikken med gode forslag som vi ikkje forventa at alle skal være einige i. Nu håpar eg at vi kan komme tilbake til spørsmålet om korsen kan Molde bli ein bedre sykkelby?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal