I sitt svarinnlegg til Ola Fremo SV har ordførar Torgeir Dahl glømt at han ville la Moldes befolkning betale for deler av Møreaksen. Sidan Ola er på ferie og eg var med i kommunestyret den gong svarar eg for SV.

Vi er alle einige om at Molde er ein dårleg sykkelby. Dei som har hatt makta vil ikkje ta på seg ansvaret. Då passar det godt at det er val om litt.

Molde Høgre og posisjonen den gong ville legge ein bomring rundt heile Molde by og kreve inn drygt to milliardar i bompengar!

Statens Vegvesen Midt hadde det for seg at bompengar var så bra at folk i Molde skulle betale for statens motorveg E39 Møreaksen gjennom byen.

Molde SV sin hovudgrunn for å stemme mot bypakken var at den bestod av ideen om at ein skulle bygge meir bilveg for å få ned biltrafikken!

Og for all del la oss bruke denne valkampen til å få fram alle gode forslag om korsen Molde kan bli ein bedre sykkelby! Det var overskrifta i Ola Fremo sitt innlegg.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal