Det eine lyspunktet er kanskje at kvinner her i fylket, i snitt får flest born i landet. Men det kan også berre bety at dei har færre moglegheiter i arbeids- og næringslivet, noko ein kan sjå igjen i ein tydeleg kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Jamfør framskrivingane til 2050 vil veksten i folketal vere på moderate 3,6%. Noreg vil i snitt ha ein vekst på 11% i same tidsperiode. Viken og Oslo vil begge ha over 15%. Det gjer at næringslivet her har store problem med rekruttering av kvalifisert arbeidskraft. Noko som vert forsterka små bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Eg er busett i Ålesund og arbeider i Bauta-konsernet med tilhald i Vestnes kommune. Vi har kundar og tilsette langs store delar av kysten, knytt til den maritime og marine næringa. Når eg skal følgje opp tilsette og kundar vi har i Aure kommune gir det meg ei reisetid på 4 timar kvar veg, sjølv om det berre er 17,5 mil. Hadde bedrifta vår vore i Oslo hadde eg dekka området Örebro, Kristiansand, Tynset og Lærdal med den same reisetida i bil.

Det er ikkje tvil i at ferjer fører til vanskelegare arbeidsmarknad, større kostnadar og tøffare vilkår enn næringsliv som har tilgang på ein betre infrastruktur.

Ein ting er konsekvensane for meg som reiser på eit mindre kritisk oppdrag. Men kva med vogntog lasta med fisk, som har strenge tidskrav for å sikre kvaliteten på lasta? Kva med frakt av kritiske komponentar til skip, industri og offshorenæring? Kva med servicemekanikaren som står i ferjekø når det er driftsstans i ein fiskefabrikk? Alle desse er scenario som utspelar seg i fylket vårt jamleg. Vi må forstå at verdien på bilane, er viktigare enn talet bilar.

Ein kan difor stille store spørjeteikn ved måten næringslivet vert møtt på, når vi seier tydeleg ifrå kva vi treng for å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i ei sak i SMP og RB den 12.05.23. Geir Stokkeland frå Vestnes SV nøyer seg med banal retorikk om «sinte menn i blå skjorter» som tilsvar. Eg stilte forresten i heimestrikka kofte på biletet han refererer til, men det passa sikkert ikkje inn i Stokkeland si enkle oppfatning av verkelegheita.

Ordførarkandidat Anne Marie Fiksdal i Vestnes FRP var overraska og meiner det er utidig at folk som bur i andre kommunar skal meine noko om politikk i Vestnes. Ho gir ikkje akkurat inntrykk av å vere samlande og ville bygge gode relasjonar til næringslivet.

Saka er at politikarane ikkje tar innover seg alvoret i situasjonen. Næringslivet bryr seg lite om kommunegrenser, vi bryr oss om rammevilkår. Og rammevilkåra i Møre og Romsdal er ikkje gode, samanlikna med konkurrerande regionar i inn- og utland.

Jf. Victor Normann og Distriktsdemografiutvalet sin NOU 2020:15 er dei tre største utfordringane i distrikt-Noreg; Nedgang i folketal, aldring og spreidd busetting. Realiteten er at norsk distriktspolitikk ikkje har fungert.

Det handlar ikkje om å ha ei bedrift, ein skule og ein sjukeheim i kvar bygd. Det handlar om å bygge gode regionar med sterke sentrum, slik at ein får ned reisetid og aukar tilgjengelegheit av sentrumstenester. For å oppnå dette er Møreaksen ei gåvepakke frå staten, til eit lite fylke med store utfordringar og pressa økonomi. Det vi må gjere er å takke ja og få spaden i jorda før dei ombestemmer seg.

Gjermund Kvernmo Langset Leiar forretningsutvikling og berekraft Bauta Group og dagleg leiar Bauta Electro

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal