Bedriftsleiarar kledd i blå skjorter og matchande blazerar let seg avbilde i ei steinrøys, og uttalte seg «rasande» mot kommunen. Sinte menn i blå skjorter. Ikkje ei einaste kvinne.

Folket La meg sitere viktige vedtak i Møreaksen saker i Vestnes kommunestyre:

21. juni 2018: «Kommunestyret krevjer at minimum tilslutningsveg, parsell Vik-Remmem åpnes samtidig som framtidig Møreakse. Fylkesveg 661 Vik-Furneset skal ikkje nyttast som midlertidig tilslutningsveg for Møreaksen.»

25. mars 2021: «Kommunestyret krev at det ikkje blir sett trafikk på Vik-Julbøen før Vik-Ørskogfjellet er ferdig. Vestnes kommunestyre er tilfreds med at Statens Vegvesen arbeider for samtidig ferdigstillelse av traseene Vik-Ørskogfjellet og Vik-Julbøen og slik unngår midlertidig trafikk på riksveg 661.»

19 mai 2022: «Vestnes kommunestyre ber Statens Vegvesen stoppe arbeidet med Møreaksen no.»

Tydelegare kan ikkje Vestnes kommunestyre vere. Så langt eg tolkar dei sinte mennene i blå skjorter kom vedtaket i formannskapet 8. mai som ei overrasking. Det kan umuleg vere slik. Om ein har følgt med.

... vs Trohaugen

Industriområdet Trohaugen har dei siste åra utvikla seg til ein slags autonom fristat, der somme av aktørane gjennom gode relasjonar til det mangeårige blå politiske regimet i Vestnes har fått tru på at ein kan få det akkurat som ein vil. Slik skal det ikkje vere.

Oppkøyringa til formannskapsmøtet 8. mai var at Vestnes FRP i kommunestyremøtet 27. april 2023 ba om å få framlagt sak om innspel til kommande NTP revisjon. Alt då burde Trohaugen ha engasjert seg. Men det gjorde dei ikkje, «raseriet» kom først ETTER at formannskapet hadde fatta vedtak.

Demokratiet

Eg stussar veldig når eg i avisene les at ordførar Randi Bergundhaugen, slik eg tolkar ho, antyder at stemmegivninga til vararepresentanten frå FRP i formannskapet burde ha vore slik som ho sjølv ville ha stemt dersom ho hadde møtt. Er dette i god demokratisk ånd, ordførar? I ein omvendt situasjon, ville du ha stemt etter di eiga overtyding dersom du hadde møtt som vara på kort varsel i eit utval?

Eg meinar svaret bør vere ja.

... vs Trohaugen

Når eg les utspelet frå Trohaugen ser eg både på kven som faktisk uttaler seg. Og kven som ikkje er med på bildet. Fleire bedrifter på Trohaugen takka nei til å stille seg bak utspelet. Vestnes Næringsforum har heller ikkje gjort det. Er det fordi det faktisk ikkje er eit demokratisk fleirtal i forumet til fordel Møreaksen?

Og fråveret av enkeltbedrifter, med eitt unntak, frå alle andre delar av Vestnes er totalt. INGEN bedrifter frå Fiksdal stiller seg bak utspelet, ingen frå Skorgen, ingen frå Tresfjord eller Vike, og med eitt unntak: Ingen frå sentrumsområdet i Vestnes.

Eg finn det underleg at den seinaste mottakaren av den kommunale næringsprisen no finn det opportunt å rase mot den samme kommunen ein fekk prisen av.

Gang- og sykkelveg Åsbygda-Vik

Gang- og sykkelvegar (GSV) ved fylkesvegar er ... fylkeskommunale gang- og sykkelvegar. Dei ved kommunevegar er ... kommunale. I den forstand at Møreaksen aldri blir bygd, er det fylkeskommunen som må finansiere GSV Åsbygda-Vik. For å få dette til vil eg – og eg håper å få med både mitt eige parti (SV) og eit breidt fleirtal - få denne GSV´en inn på den fylkeskommunale trafikktryggings-plana. Og at ein gjerne kan førehandsfinansiere prosjektet frå Vestnes kommune si side, og få tilbake pengane frå fylkeskommunen.

Det vil få stor betydning for bulyst og livskraft i Vestnes, og styrke både tilflytting og rekruttering.

Det er eit hav av avstand ideologisk mellom mitt eige parti, SV, og FRP. Men i praktiske saker kan partia finne sammen i fornuftige løysingar. Eg oppmodar alle partia i Vestnes om å støtte opp om demokratiet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal