Venstres Frode Heimen valde nok ei meir bokstaveleg tolking av VGs valomat enn MDG når han skriv at Venstre ikkje er for å bruke bompengar berre for å gjere det mindre freistande å køyre bil – men at det kan vere aktuelt for å sikre finansiering av noko anna. Så vidt vi veit finst det ingen bomstasjonar i Noreg der inntektene ikkje finansierer noko anna, det vere seg tunnelar, bruer, motorvegar, kollektivtransport eller annan infrastruktur.

Heimen vil ikkje flagge Venstres standpunkt i spørsmålet om bompengar, men heller få fasilitert svaret frå Innbyggjarlaben. Arbeidet Smart Molde og innbyggjarlaben INNOM gjer, er svært verdifullt som ein arena for diskusjon og innspel som bidrar til ei positiv samfunnsutvikling. Men: Det er ikkje nokon erstatning for politikk.

Mange gode innspel, både frå innbyggjarlaben og i andre fora, kan utvikle seg til praktisk politikk. Men det er ikkje på innbyggjarlaben at dei politiske vala skal takast. Dersom du som innbyggjar meiner at bompengar bør vere i verktøykassa for å få til for eksempel betre tilretteleggjing for syklande og gåande, trafikksikringstiltak og anna, må du stemme på eit parti som seier ja til at det er aktuelt. Det er dette vi har lokaldemokratiet til!

Når det gjeld innfartsvegen frå aust: Kollektivfelt inneber også meir asfalt og tilhøyrande barriere mellom by og fjord og forringing av folk sine lokalmiljø, sjølv om det er bussen som køyrer på den asfalten. Det blir også meir plass til bilen viss bussen har eige felt, og dermed også meir attraktivt å køyre sjølv – og slik vil det bli meir biltrafikk.

Skal vi ha fleire over på buss, bør vi ikkje samtidig gjere det meir lettvint å køyre bil. Det er rett at Fannestranda er innfartsåra til byen, men dersom vi kan lykkast med å redusere personbiltrafikken, eller fordele han jamnare utover, treng ikkje det bety meir asfalt. Det finst mange andre løysingar enn plasskrevjande kollektivfelt for å få fleire til å ta bussen. Ålesund illustrerer dette fint: I tillegg til å innføre bompengar, og samtidig tilby gratis buss i to månader, har dei fjerna flaskehalsar for bussen: Meir effektive kantstopp, og opprydding i ruter. På rutene aust-vest har dei no hatt 25% auke av passasjerar, utan at det til no er bygt kollektivfelt nokon stad. Innfartsparkeringane i Ålesund har òg blitt populære. Her betaler du for parkering som også er bussbillett til halv pris. Dette kan vi få til i Molde også.

Vi er einige med Venstre i at budsjettet i kommunen må gå i balanse. Eit ansvarleg kommunestyre kan ikkje bruke pengar vi ikkje har. Men det er også derfor vi er tydelege på at ein moderat sats med bompengar er aktuelt for å byggje infrastruktur for mjuke trafikantar. Og ikkje gløym: Ein bilist som blir syklist, eller ein syklist som kan bruke sykkelveg i staden for vegbanen, er også ein kjempefordel for alle som tar bilen, og spesielt alle som ikkje har noko reelt alternativ til å køyre bil. I tillegg til å vere bra for humør, folkehelse, energibruk og nærmiljøet du reiser gjennom!x

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal