Sjøfronten høyre til under store endringar og når vi ser kor folk lika seg der må vi ikkje øydelegge han. Planane om 60 m høgt hotell må skrinleggast straks. Korfor ikkje ha Helsehuset der? Kommunen eier tomta og korfor skal ikkje folk flest som bor i Molde og har betalt han få nyte Sjøfronten?

Thon hotellet fekk skryt for korsen dei malte då dei pussa opp og brukte Fargepaletten i ein by som blir gråare og gråare etterkvart som private malar over fargane i husa sine. Tollboden er det fortsatt muleg å berge om vi vil ta vare på verdiane vi har der. Eg trudde at private som kjøper slike bygg var klar over kva dei kjøpte, og var ute etter å ta vare på verdiane, og ikkje slakte kulturarva vår ved første korsveg.

Bjørn Jacobsen Foto: Bjørn Brunvoll

Ordføraren sa i kommunestyret at han hadde vunnet eit veddemål om Tollboden utan å forklare det meir. Han bør være klar over at Riksantikvaren har sagt at Tollboden har nasjonal verdi, men denne nasjonale verdien kan ikkje settast ut i livet om dei som er satt til å ta vare på dei lokale verdiane ikkje ser dei. Om vi ikkje sjølv bryr oss om dei nasjonale verdiane som finnst i Molde kem skal då gjøre det?

På Retiro kan det se ut som at privat utbyggar har fått lov å rasere Retiroskogen med bilveg og boligbygging i bytte mot å pusse opp den gamle og ærverdige villaen. Administrasjon og utbyggar hand i hand. Finnst det ikkje privat kapital som kjenner verdien av og ansvar for kulturverdiar utan å skulle rasere dei? Kik over til Nøisomhed så ser ein at det er muleg.

Så står vi der at Riksantikvaren om Tollboden ber oss om å «…..vurdere den planlagte nye bygningens uttrykk og størrelse, og hvordan det vil påvirke gjenreisingsbyen Molde.»

I Niels Fredrik Dahl si bok «Mor om natten» står det «…britiske soldater går om bord, kongen går om bord, kronprinsen går om bord, den engelske minister går om bord, den franske minister går om bord, gullbeholdningen bæres om bord, Nordahl Grieg går om bord, mor blir igjen og bombene og brannen»

Molde kan både eksistere i litteraturen og som den levande og vakre kulturbyen han er om vi vil.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal