Ulike tall har svirra rundt i lang tid, og om dette er 4-5 eller 700 mill kr totalt er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det er brukt uhorveleg med pengar på eit prosjekt som aldri blir bygd og som folket her i fylket ikkje vil ha.

Statsråden seier no at Statens vegvesen aleine har oversikt over 430 million kr som er forbrukt.

Vidare seier Nygård:

«Det er ikkje mogleg å få ut absolutt alle utgifter til konseptvalutgreiingar, tilleggsutgreiingar til konseptvalutgreiingar og kvalitetssikring av konseptval (KS1) for E39 Ålesund-Molde mellom anna ut frå at data for fleire personellressursar ikkje er spesifiserte på prosjekt. Desse utgiftene er derfor ikkje inkludert i dei tidlegare svara nemnd ovanfor, og kan heller ikkje bli svart på no».

Dette betyr at det er betydeleg meir ressursar utover dei 430 mill kr som Statens vegvesen «egentlig» har forbrukt. I tillegg til dette kjem kostnadane til alle kommunane samt alt for mange millionar forbrukt av offentleg midlar til å betale løn og drift av lobbyselskapet Møreaksen as.

Berre Møre og Romsdal fylke har sikkert brukt opp mot 10 mill kr på dette, samt haugevis med ressursar på planlegginga av Kjerringsundet som ein del av Møreaksen.

Om summen samla egentlig er 5-6-700 mill kr får vi nok aldri vite, men det vi veit er at dette vanvittige pengesløseriet bør gåast grundig gjennom i sømmane.

Korleis kunne dette skje?

Korleis kunne E-136 sine planleggingsressursar berre forsvinne i Møreaksensluket, og bli skubba tiår på tiår ut i tid?

Korleis kunne E-136 frå Moa til Vestnes bli «gløymt» planleggingsmessig av STVV, som no foreslår å ta dette ekstremt viktige eksportvegsambandet, heilt ut av NTP?

Kven har påverka STVV til å gjere dette?

Er her nokon som har hatt personlige interesser i at alle andre prosjekt vart «gløymt» og Møreaksen løfta fram?

Eg berre stiller spørsmålet, ulike kontrollmyndigheiter får seinare finne svar på dette.

No er Møreaksen skubba minst 8 år ut i tid, og har i prioriteringar ca 100 MILLIARD kr føre seg. Dette betyr i praksis at Møreaksen aldri vil kunne bli realisert.

Når Møreaksen as på nytt skal bruke millionvis av lobbykroner og ny dagleg leiar, er fakta og realisme like bortreist som før.

Roald Fiksdal skal innan 10 år liksom køyre heile strekninga frå Ålesund og forbi Molde på Møreaksen, medan realismen tilseier fortsatt ferjer og eit Statens vegvesen som slett ikkje ynskjer å bygge ut til dømes E-136 Moa til Vestnes.

Dette er i kjent stil fra « Møreaksenklanen» og føyer seg inn i rekka av urealisme derifra. Vi andre i fylket ynskjer å realisere dei viktige vegane slik som E-136 Moa til Bjorli som vår Eksportvegen nr 1.

E-39 Veibust - Blindheim - Moa med sine over 22.000 bilar i døgnet og framstår som «dødsvegen» her i fylket.

Vidare har vi E-39 forbi Batnfjord, og ikkje minst FV 64 Molde til Ålesund med Langfjordkryssinga som Molde-området og Nordmøre sin viktigaste Eksportvegen.

Vi har RV15 Strynefjellet, Voldatunellen og RV 70 og lista er lang utover dette også; viktige vegar som alle er betydelig viktigare en pengesløseriet Møreaksen.

Frp og eg kjempar for dei reelt viktige vegane i fylket, men då må STVV instruerast til å stoppe pengesløseriet på Møreaksen og begynne å prioritere E-136 og resten av samferdselsfylker.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal