Då Une Bastholm trekte seg som MDG-leiar, følgde ein debatt om kva som må til for å kunne kombinere småbarnsfamilieliv og politikk. Dette er minst like relevant i lokalpolitikken som på riksplan.

La oss ta ein kikk rundt i salen ein av dei torsdagsettermiddagane vi har kommunestyremøte. Det blir fort slåande at vi er lite representative. Rundt éin av tre er kvinner. Eg tør ikkje gjette på snittalderen i salen, men han er rimeleg høg. Både kjønn, alder, livsfase og mange andre eigenskapar er svært skeivfordelt om vi samanliknar med dei som skal velje oss inn. Ser vi på tid brukt frå talarstolen, blir det endå mykje skeivare. Ein gong vi hadde møte ikkje så lenge før kvinnedagen, hugsar eg at eg for moro skuld sat og talde frå starten av møtet: Før meg var det seksten stykke som hadde tatt ordet – alle menn.

Men dette gjeld meir enn kjønn. Det er veldig viktig for demokratiet vårt at vi får med folk i alle fasar av livet. Noko av det viktigaste for å opne døra til kommunestyresalen for eit større mangfald, handlar faktisk om møtetidspunkt. Og det kan vi gjere noko med.

For det er klart det går an å vere folkevalt samtidig som ein har ungar i barnehage eller skule. Det er nokre av oss i kommunestyret i Molde i dag. Men det burde vore fleire. Kvar enkelt av oss tar eigne val i livet, og årsakene til skeivfordelinga er fleire. Men det finst strukturar vi kan, og bør, gjere noko med. For dei som vurderer å stille til val neste år, vil det vere eit viktig signal dersom vi som er valt inn no, gjer det mindre krevjande å kombinere politiske verv med ansvar for ungar.

Dagmøte

Når ein må velje mellom politiske møte og å følgje på korpsøving, syngje nattasong eller berre vere til stades for dei små når dei treng det etter ein dag i barnehage eller skule – då handlar inkludering om noko så enkelt som møtetidspunkt. Dagmøte kan ein gjennomføre mens ungane er i barnehage og skule, mens ettermiddagsmøte kolliderer med familietid.

Fungerer det å endre møtetid? Ja. I år kom ei undersøking frå BI. Oppsummert i Aftenposten: «Når kvinnelige politikere får barn, faller sannsynligheten for å bli valgt dobbelt så mye som for menn i tilsvarende situasjon. Sannsynligheten for å få lederposisjoner i kommunestyret faller også markant for kvinner relativt til sammenlignbare menn.» Studien finn ikkje støtte for at veljarane føretrekkjer barnlause politikarar. Det er heller ingen teikn på at nybakte mødrer blir pressa ut av partileiinga. Derimot tyder studien på at normer og organisering av politisk arbeid spelar ei viktig rolle. Møte på dagtid = eit større mangfald som kan få til å delta. Undersøkjinga viser at ein langt større del kvinner under 40 med ungar deltar i politikken i kommunar som held møta sine berre på dagtid, enn i kommunar som har møta på andre tidspunkt. Fleire blir valt inn, og færre gjev seg tidleg.

Møtetidspunkt er også arbeidsgjevarpolitikk, for den administrative leiinga i kommunen må òg stille i politiske møte. Og dei har ikkje høve til å stemme over møtetider eller påverke kor lange debattane blir, sjølv om dei òg gjerne har omsorgsoppgåver og behov for tid med familie. Og kanskje kunne dei òg vore ei meir mangfaldig gruppe enn i dag?

Større mangfald av kandidatar frå alle parti?

Partia driv og finn kandidatar til neste års lokalval. Personar som kan få som ansvar – og privilegium – å ta avgjerder på vegne av alle innbyggjarane. Derfor er det også nett no partia bør spørje seg korleis vi kan lage rammer for eit representativt demokrati. For vil vi ha med fleire av dei som no ropar høgt om korleis ungane deira har det i Moldeskulen? Ja! Og fleire av dei som skal leve lengst med avgjerdene vi tar – ungdommane? Ja!

Då Une slutta som partileiar, valde ho å prioritere familien. Samtidig held ho fram som stortingsrepresentant. Ho viser både at det går an å vere både politikar og mamma, og at det er ein god ting å setje grenser.

Samfunnsproblem

Tidsklemma er eit demokratisk problem, men det er også eit symptom på eit samfunnsproblem. Ser vi større på det, handlar det om endå meir enn ungane, foreldra og politikken. Vi kan også nytte høvet til å snakke meir om korleis strukturane i samfunnet formar kva vi fyller liva våre med – og om det er slik vi vil ha det.

Kan vi klare å skape meir balanse mellom jobb og fritid, verdsetje lokalsamfunnet og frivilligheita høgare og erstatte overforbruk med livskvalitet? Å ta vare på menneska og livsgrunnlaget, no og i framtida?

Eit større mangfald blant oss som tar avgjerder i lokalpolitikken, er eit godt steg på vegen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal