Eg skreiv 15. desember eit debattinnlegg: «Museumsreform på avvegar». Dette har uroa styreleiar i Romsdalsmuseet Anders Talleraas så sterkt at han tek til motmæle med eit tilsvar, som stod på trykk 22. desember. Datoane tek eg med for dei som ønskjer å lese alt, som har stått på trykk om museumsreforma. Anders Talleraas skriv at eg manglar historisk kunnskap og at museumssaka, etter hans syn, er på rett veg. Han skriv at eg vil tilbake til «forgagne tider før museumsreforma», som heller ikkje kan reversere seg inn i framtida. Eg er så konservativ, at eg vil ta vare på bygdemusea og gje dei ei framtid i ein modell der dei ikkje berre kan leve, men og blomstre.

Eg skreiv det eg gjorde fordi eg i snart 20 år har hausta erfaringar med korleis denne Stiftingsmodellen har fungert i praksis. Den er ikkje framtida om ein ønskjer levande og aktive museum både i bygd og by.

Uroa starta med at Landbruksmuseet på Gjermundnes meldte seg ut fordi styraren for Landbruksmuseet ikkje ville akseptere at ho skulle reise over fjorden til Molde og styre Landbruksmuseet derifrå. Dette var den første ripa i lakken for stiftingsmodellen. Den høvde heller ikkje for Yste Skotet, eller Ishavsmuseet på Brandal, som dei tre første problema.

Seinare vart Landbruksmuseet konsolidert under Sunnmøre Museum, men som i 2022 sa opp avtalen. Eg kjenner ikkje grunngjevinga for oppseiinga, men ser ikkje bort frå at det kan vere at ein ikkje ønskjer å halde fram med eit lite konstruktivt samarbeid. Seinare har musea på Sunnmøre delt seg. Musea på Nordmøre har hatt konsulenthjelp frå tidlegare leiar for Romsdalsmuseet og vil no prøve ei ny organisasjonsform meir lik eit aksjeselskap. Det kan vere like bra eller dårleg som det andre. Det er korleis dette vert til nytte i den praktiske museumsdrifta frå dag til dag og frå år til år som vert avgjerande.

Tida er no komen til å sette ein fot i bakken og ta eit oversyn over kvar ein står. Det er mykje uro og mange store utfordringar rundt om i heile Møre og Romsdal. Anders Talleraas ser ingen svake sider ved stiftingsmodellen, som han meiner er den einaste og rette vegen for musea i framtida. Erfaringane med denne modellen er at den har skapt kaos og uro i staden for museumsdrift. Den uro og dei utfordringar den har skapt, må det vere rett å finne ein meir høveleg driftsform til i framtida.

Fylkeskommunen er løysinga! Dagens modell tek utgangspunkt i våre tre fogderi. Denne modellen har etter 20 års praksis vist seg å ikkje vere berekraftig for all museumsdrift, slik ein ønskjer. Fylkeskommunen har lenge ønskt seg fleire arbeidsoppgåver, utan å ha fått nemnande nye oppgåver frå staten. Vi har alt ein fylkeskultursjef og eit fylkeskulturstyre, som sikkert med glede og entusiasme går inn for å løyse museumsreforma i ein modell for heile fylket.

Ein ny modell der alle musea i bygd og by lever vidare. Eg trur ikkje at ein slik modell vil møte motstand om musea får leve og blomstre slik sikkert både Anders Talleraas og vi andre ønskjer. Fylkesmodellen har også plass til den faglege overbygging med dei 4 F-ane Forvaltning, Forskning, Formidling og Fornying, slik at den faglege delen vert teken vare på og gjort tilgjengeleg for bygdemusea i ei fylkeskommunal overbygging.

Paraplymodellen eller Fylkesmodellen vil femne over heile fylket og ein unngår slik uheldige fogderistridar. Talleraas sine 4 F-ar vil best kome alle musea i fylket til gode mot at dagens regionmuseum kvar for seg skal bygge opp slik fagkompetanse. Fylkeskommunen er alt ein aktiv økonomisk medspelar i museumsdrifta. Dei eig alt garden på Gjermundnes og slik er det heilt naturleg at Landbruksmuseet som femner om heile Møre og Romsdal, kjem under den same paraplyen. Alle dei andre musea i fylket vårt vil få betre framtidige levekår i ein slik paraplymodell.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal