Først gjennom 10 år i Landbruksmuseet på Gjermundnes og seinar 4 år i Gamle Kvernes bygdemuseum, har eg fått erfare, korleis den gjeldane stiftingsmodellen fungerer for musea i fylket vårt.

Stiftingsmodellen er ei reform før 2009, som eit resultat av den nasjonale museumsreforma, som skulle gje sterkare fagleg samarbeid og meir rasjonell museumsdrift. Dette var ei tvangssamansluting om ein ville ha statstilskot. Denne målsettinga har ein ikkje nådd i vårt fylke der det heile tida har vore uro, som har vore til plage og til skade for museumsdrifta. Det er difor heilt avgjerande at bygdemusea i framtida får ei driftsform som dei kan leve med og bygge si framtid på. Noko som inspirerer og skaper velvilje og vekst i museumsnæringa.

Landbruksmuseet på Gjermundnes. Eg kom inn i dette styret etter at muset først var konsolidert til Romsdalsmuseet i Molde, men etter ein lang strid, som enda med at tilhøyrigheita vart flytta til Sunnmøre museum.

Lokalmusea fekk eigarstyre. Dei hadde berre styreansvar for tinga som var på museet. Eigarstyret hadde ikkje instruksjonsmynde over museumsstyraren, som var tilsett av bymuseet. Den einaste plikta han hadde til lokalmuseet, han var leiar for, var å ha ansvar for referatet frå styremøta. Ei slik organisering bydde på store utfordringar for å drive museet og vart i praksis ei reduser utnytting av stillinga og drifta.

Då styreleiaren før meg kalla inn styreleinga frå Ålesund for å diskutere korleis vi skulle praktisere konsolideringsavtala, slik at den bedre tente si hensikt, lukkast vi ikkje. Eg sa som nestleiar klårt ifrå om at eg var valt av årsmøtet for Landbruksmuseet og slik ikkje tok imot instruksjon frå andre.

Dette var utgangspunktet for dei komande 8 år då eg var styreleiar på Gjermundnes og hadde konsolideringsavtale og samarbeid med Sunnmøre Museum i Ålesund. Erfaringane mine er delte, men det er ikkje tvil om at ei anna organisering, ville gje meir museum for pengane!.

Skreiv brev. Då eg slutta som styreleiar i landbruksmuseet skreiv eg eit brev til fylkeskommunen der eg grunnga mine erfaringar, som underbruk etter stiftingsmodellen. Landbruksmuseet ligg på ein gard, som fylkeskommune eig og har vedlikeheldt på ein sers god måte. Grunneigaren har ansvaret for bygningsmassen på sin eigedom og eg oppmoda difor dåverande administrasjon om å gjere Landbruksmuseet til   eit fylkesmuseum. Når eg i ettertid har etterlyst svar har eg fått vite at denne saka har erfaringar, som er slik, at ein ikkje ønskjer å ta opp saka på nytt.

Romsdalsmuseet hadde utanom konflikta med Landbruksmuseet på Gjermundnes hatt full styring og hand om dei andre musea i Romsdal. Difor fekk den pensjonerte direktøren for Romsdalsmuseet ei prosjektoppgåve frå fylkeskommunen og ansvaret, som «ryddegut» for å få musea på Nordmøre på rett spor. Mine erfaringar er at dei musea som har køyrt sine eigne løp, tosidige løp, med sitt eige vennelag med eiga drift og eigne rekneskap er komne best ut fordi dei har lukkast med å få tilslutning frå sine eigne nærområde og distrikt.

Fylkeskommunal misnøye. Bakgunnen var at Stiftingsmodellen ikkje var godt nok implementert i Kristiansund og på Nordmøre var at det ville få økonomiske konsekvensar om det ikkje stiftingsmodellen vart praktisert. MIsnøya skuldast at fleire direktørar hadde kome og gått, uten at prosessen kom dit ein ønskte. Resultatet så langt er ein ny organisatorisk hybrid lik eit aksjeselskap, som skal ta over som ny organisasjonsform etter den tidlegare modellen som var grunnlaget både for Romsdalsmuseet og Sunnmøre Museum. Pensjonert fylkesdirektør er valt som styreleiar i det som framstår som eit aksjeselkap, som er noko heilt anna enn ei stifting

På Sunnmøre har det vore fleire utbrot. Det første var at Ishavsmuseet på Brandal vart misnøgd og melde seg ut med dei økonomiske konsekvensar det hadde. Så var det drivaren på Yste Skotet som ikkje av styret fekk overvintre på fjellgarden. Då ho ikkje fekk overvintre reiste ho i staden til Røst der ho vakte slik interesse, at det er laga ein fjernsynsserie på 5 program om slik ho lever ute i havgapet, etter at ho måtte forlate museumsgarden på Sunnmøre. Fyrmuseet i Dalsfjorden er og ribba for mykje utstyr som fører til at lokalinteressa vert skadelidande og øydelagt.

Det siste er at det er full sprekk i Sunnmøre Museum der nokre av bygdemusea vil gå ut av Sunnmøre Museum og konsolidere seg med Ålesund Museum. Rådet mitt til den eventuelle eksterne gjennomgangen er å legge alle musea til fylkeskommunen, der ein har sakna nye arbeidsoppgåver i lang tid. Ei museumsavdeling i fylkeskommunen vil slik kunne få hand om oppgåva med å fordele dei statlege midlane som kjem, i tillegg til det som fylkeskommunen frå før bidreg med. Og sist men ikkje minst få på plass ei ordning og regelverk for kommunal andel i museumsdrifta, som til denne tid har vore ein frivillig andel for kommunane i museumsdrifta.

Sunnmøre Museum har no sagt opp konsolideringsavtala med Landbruksmuseet på Gjermundnes. Noko som opnar for at det kan verte eit nytt eige folkesomspennande museum, administrert av fylkeskommunen, slik eg bad om i det ubesvara brevet eg skreiv og sendte til fylkeskommunen for snart 10 år sidan.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal