Det var sesongbetona.  Av denne grunn var utvalet størst om hausten og då vart det sylta, safta og hermetisert.  Dette var gloheite saker med koking av sukkerlake til frukta og kokande vatn som glasa skulle reingjerast i.

Heime på garden var det tradisjon på julekvelden å ha hermetisert frukt med piska kremfløyte til dessert. Av denne grunn var det eit viktig arbeid som måttte gjerast på førehand når frukta var moden. Det var gråpærer som var den viktigaste ingrediensen i juledesserten vår.  Nokon kallar denne desserten for himmelsk lapskaus, og det namnet passar skikkeleg godt, for desserten smakar himmelsk. Vi brukte også å ha rosiner,valnøtt og oppskore appelsin og eple i desserten.  Så vart det kokt sukkerlake som frukta vart lagt i.

Vi hadde ikkje eigne frukttre, så vi måtte kjøpe frukta av andre.  Det var ikkje alltid så enkelt å få tak i gode gråpærer kvar haust, vi måtte gjere ein ekstra innsats kvart år for å få tak i denne ingrediensen. Eit av desse åra var vi så heldige at vi fekk kjøpe pærer av ypperste kvalitet av ein nabo lenger oppe i bygda. Denne naboen hadde ei frakteskute som gjekk fast til Hardanger etter frukt om hausten.  Vi kjøpte mykje pærer, for eg kan ikkje hugse ei einaste jul utan fruktsalat med pærer i på julekvelden.

Eit av desse åra med fruktkjøp vart svært spesielt for oss ungane på Farstad ny-jorda.  Det var slik at vi hadde eit stort rom i kjellaren med gunstig temperatur for oppbevaring av poteter, grønsaker og frukt.  Rommet var delt i to, med ein lett sprinkelvegg, slik at den eine delen av rommet fungerte som potetkjellar.  Det var eit lite vindauge i veggen i den andre delen av rommet. Dette vindauget vart det sett ei plate framføre, slik at det skulle halde seg mørkt der. Det var ei dør inn til rommet med ei dørhaspe på, som var slik at det kunne settast ein hengelås der. Til vanleg var døra ulåst, men denne hausten var det meste annaleis.

Foto: Ragnar Kåre Vatne

Det hadde seg slik at akkurat dette året var det særs grøderikt, og innhaustinga av frukt i Hardanger vart enorm.  Det var så mykje frukt at alle fekk kjøpe for gunstige prisar. Naboen med frakteskuta hadde kjøpt så mykje frukt at han ikkje hadde nok lagerkapasitet sjølv.  Han måtte ut og leige seg lagerplass.  Jau, det vart slik då at han fekk leige halve dette nevnte kjellarrommet i huset vårt.  Rommet vart fylt opp fra golv til tak med store fruktkassar. Det var både epler og pærer. Epla var av typen Gravenstein. Det var store, lyse grønngule epler med eit raudleg skjer som dufta aldeles himmelsk. Den gode dufta speidde seg i heile huset og det vart ein fantastisk aroma med duft av Gravenstein over alt. Uvande som vi var med slike aromatiske dufter, merka vi ungane dag for dag ei dragning mot dette rommet. Dette var ei kjensle som var så stor at vi ikkje klarte å stå i mot så mange dagar. Det var meir som eit ur-instinkt som slo ned i oss; tilgang på næring.  Det var fem av oss sju søsken som budde heime på denne tida. Døra inn til den forbodne frukta var låst med hengelås. Vi visste godt at det ikkje var lov å gå inn dit,  men mange små hjerner kan bli til ei stor. Vi la ei plan som var «tima og tilrettelaga».  Vi slo oss saman og gjorde innbrot i kjellaren gjennom vindauget, og luka i veggen. Vi tok ut vindauget og plata.   Ein av oss klatra inn og lirka opp ei kasse med ein tollekniv.  Ein annan tok imot epler og lasta opp i genseren sin, alt han fekk plass til. Nestemann tok imot eplene utanfor glaset, og dei to yngste heldt vakt på kvart sitt hushjørne.  Dette gjekk godt - ingen merka noko.  Vi smugla med oss epla ned til skråninga ved bekken, som var eit stykke unna huset.  Der sette vi oss i skjul bakom busk og kratt og gnafsa i oss dei gode epla.

Dårleg samvet hadde vi nok etter dette, men kjellaren var full av desse godsakane, så vi vart einige om at litt svinn måtte dei vel tåle.  Det var berre slik at epla smakte så alt for godt.  Vi klarte ikkje å ligge unna trongen til å gjere fleire innbrot.

Vi var lure, og tok litt frå kvar og ei kasse i starten.  Vi gøymde epler på ulike stader og tok med oss fleire epler i ranselen kvar dag til skulen. Vi delte gladeleg ut eple til dei andre ungane som ville ha, for vi hadde no så mykje meir heime.  Aldri før, og aldri sidan, hadde vi så mange som ville vere besteven med oss på skulen. Denne populariteten og dei uimotståelege epla gjorde oss til innbrotstjuvar gong på gong.  Vi stal meir og meir frå kvar eplekasse, men vi spikra dei fint att etter kvar gong, slik at ingen skulle sjå kva vi hadde gjort om dei skulle ta ein kontroll på fruktlageret.

Endeleg kom sjølvsagt dagen då leigetakaren skulle hente frukta som han hadde lagra hos oss. Hengelåsen på døra vart fjerna. Stor vart forundringa for dei begge to, både far min og frakteskuteskipperen, då dei letta på kassene.  Det var ikkje mykje epler som var att i kassene. Vi hadde ete oss gjennom kvar ei einaste kasse denne hausten, og vi hadde delt ut raust til alle dei nye venene våre på skulen.

Aldri har vel uttrykket «etter den søte kløe, kjem den sure svie» meir til sin rett. For å seie det mildt, så vart det lite frukt å få for oss ungane resten av dette året.

Ein ting skal far min likevel ha; Han hadde humoristisk sans, for han lo godt av dette.  Han syntest vi hadde klart å lure han så godt at han betalte gladeleg til frakteskuteskipperen for alle epla som var ete opp. - Og husleiga, ja, den kunne han kike langt etter. Far min leigde aldri ut kjellaren vår etter denne hendinga.

Anne Lise Vatne Eide

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal