Gåve var det ikkje alltid eg fekk, sjølv om eg hadde fødselsdag. Året før då fekk eg ei minnebok av far min.  Eg hugsar eg var så stolt fordi det var mi eiga bok. Far min skreiv det første minnet i boka.  Han hadde så fin ei handskrift.  Eg spurte mor mi óg om ho kunne skrive eit minne til meg, men det ville ho ikkje fordi ho meinte at ho skreiv så stygt.  Det var nok ikkje heilt sant, men ho hadde vel ikkje ork til å skrive akkurat då. Eg spurte ho aldri meir. No skulle eg bli ni år og hadde starta i tredje klasse på skulen.  Dei to første skuleåra gjekk eg på Skotten skule.  No gjekk eg på Farstad skule som er kalla Tusenborg i daglegtale, men det er ei anna historie. Der skulle eg gå i to år, men det visste eg altså ikkje før etterpå. Eg hugsar godt månaden mars, for våren hadde starta og det var tegn til små gåsungar på seljetrea.  Besta mi som budde på loftet, var så flink til å sy. Ho sauma kva som helst, men var flinkast til å sy kjolar.  Ein dag i starten av mars måtte eg absolutt komme ein tur på loftet til besta for å ta mål. Jau, det var altså slik sa ho besta, at det var ei jente som budde i Molde by som skulle ha ein kjole.  Denne jenta var omlag på storleik med meg. Vidare måtte eg absolutt forstå at det var dyrt å reise heilt til Molde for å ta mål, så då måtte eg vere prøvedokke.  Eg syntes det var litt rart, men forstod godt at det var langt til Molde.  Så syntest eg óg at det var urettferdig at ei jente i Molde skulle få nye kjole, for eg hadde vakse ut av min gamle skulekjole og skulle så absolutt ha hatt ein ny. Snill som eg var stilte eg opp som prøvedokke. Eg strakte armane ut, besta målte og målte, først armane, så brystvidde, livvidde og lengd.  Eg måtte stå heilt stille slik at besta fikk notert alle måla i den gule notisboka si. Så tok besta fram stoffet.  Åh, så fint eit stoff!  Det var skotskruta.  Raudt i botnen med grøne ruter og kvite strimer.  Eg visste at Skotland var eit land, og tenkte at dei var heldige dei som budde i det landet som hadde slikt fint eit stoff. Så tenkte eg at ein gong, når eg vart vaksen, kunne eg óg reise til dette landet for å kjøpe stoff.  Skotland kunne ikkje vere så langt unna sidan eg hadde gått i to år på Skotten skule, og det var nesten det same som Skotland.  Jau, slik måtte det vere!

Frå Farstad i 1962 Foto: Widerøe

Eg hugsar at det var langt å gå ned att trappa frå besta på loftet og tenke på at det var ei anna jente som skulle få ny kjole, når det var eg som trengte ein. Eg måtte gå fleire turar på loftet.  Litt etter litt vart kjolen ferdig.  Det var satt på ein fin kvit krage til slutt som var runda i kanten framme.

 Åh, så fin ein kjole det vart, eg prøvde kjolen på og den passa akkurat. Så fin den var!  Mor mi kom óg opp på loftet for å sjekke kjolen.  Jau då, den jenta i Molde skulle nok bli glad når ho fekk denne fine kjolen. Mor mi sa at jenta også skulle ha eit stiva underskjørt, og besta måtte sy.  Underskjørtet var kvitt med blondekant nederst.  Makan til kjole!  Eg kjende ein stor klump i halsen fordi eg vart så misunneleg på denne jenta. Dagane fram til fødselsdagen min sneik seg fram.  Kjolen hang på loftet, for det vart sagt at jenta fra Molde skulle komme og hente den der. Eg tenkte og tenkte på kva slags jente dette var.  Kanskje eg kunne bli ven med ho? Endeleg vart det 29. mars 1964.  Eg vart overraska med ei lita pakke etter frukosten. Inne i den pakka låg det eit par knestrømper.  Dei var i krepp, kvite og fine med eit holmønster på.  Eg tredde på meg strømpene med ein gong.  Så sa mor mi at eg måtte gå opp til besta ein tur og prøve kjolen ein gong til, for jenta var enno ikkje kommet for å hente den.  For ei krenking, tenkte eg, - på sjølvaste fødselsdagen min!  Men, men… lydige måtte vi være.  Eg gjekk med tunge skritt opp lofttrappa til besta.  I berre underliv, truse og med nye knestrømper, stod eg der skulerett med armane rett til vers og fikk tredd kjolen på.  Åh, så fin den var!  Besta lukka dei to trykk-knappane i ryggen.  Kjolen passa så fint til meg.  Ein stor klump i halsen trengde seg på.  Så måtte besta sjå korleis det tok seg ut med underskjørtet også.  Det var stiva med sukkerlake og var så stivt og fint.  Det stod liksom rett ut i lufta.  Kjolen vart løfta opp og underskjørtet kom på.  Det var strikk i livet på underskjørtet. Kjolen la seg så fint rundt underskjørtet og eg såg ut som ei prinsesse i kjolen og med dei nye kvite knestrømpene. Det fine solgule håret mitt var fletta med fine sløyfeband.  Det var fødselsdagen min, og då tok mor mi seg tid til å gjere det den dagen.  Besta såg på meg og sa at kjolen passa akkurat. Gratulerer med dagen, sa besta. Du veit den jenta i Molde, det var deg det. Det er du som skal ha kjolen. Aldri i livet, verken før eller seinare, har eg kjent på ei slik glede for ein kjole.  Eg sprang ned trappa medan gråten stod i halsen for eg var så glad.  Eg fann fort fram skoa mine og ut gjennom døra bar det. Eg dansa med jentehopp snarvegen over marka til Midtbø sin gard og hoppa over bekken som var der og kom då rett ned til nabogarden der Sissel budde. Sissel var lillesøster Åse og mi si beste venninne. Eg stupte inn gjennom døra og viste fram kjolen.  Den strutta så fint ut då eg dansa rundt på golvet der. Sjå kva eg har fått, sa eg. Næmmen, har du fått deg ny kjole du da, sa mora til Sissel.  Ja, sa eg. Eg har fått den på fødselsdagen min og det er i dag. Gratulerer med dagen! sa dei alle i kor. Så la eg i veg heim att. Eg kan hugse det var kald vind, men sola varma litt. Deretter bar det opp til Hansengarden og mormor for å visa meg fram.  Der budde også onkel Ivar.  Han var litt av ein skøyer.  Jau, no har du fått deg fin fjøskjole, sa han.  Pøh, fjøskjole kan du vere sjøl, sa eg og sprang heim att. Eg har hatt mange kjolar opp gjennom livet, men dette vart ein av dei finaste kjolane eg har eigd og ein fødselsdag eg minnast med stor glede.

Anne Lise Vatne Eide

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal