For ikkje lenge sidan var bygdene meir som små landsbyar å rekne.

I denne historia vil eg nytte Farstad i gamle Hustad kommune som døme på dette, sidan eg vaks opp der.

For nokre år sidan var vi samla i eit familieselskap. Der sat vi og mimra om gamle tider og mintes mangt og mykje frå år som hadde gått, om dei gode og gamle dagane.  Sidan vi sat der tre - fire generasjonar saman, vart minna strekt over nesten 100 år.  Vi var einige om at mykje hadde endra seg på denne tida. Nostalgien kan lett få overtak i ein slik situasjon, men kva var det som eigentleg skjedde i bygdelandsbyen, og kvifor?

Gjennom desse 100 åra har bygda gått frå å vere som ein levande landsby, der dei var sjølvforsynte med det meste, til ei «sovande» bygd med éin enkel daglegvarebutikk i dag.

Dugnadsånda og samhaldet er omlag som tidlegare, men dei små impulsive treffa mellom naboar vart borte på vegen.  Desse kvardagslege treffa var limet mellom folket og fungerte óg som eit pusterom der ein kunne få utløp og hjelp til det meste, også for dei psykiske behova.

Anne Lise Vatne Eide Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Sentraliseringspolitikken som kom så sterkt inn i bildet frå slutten av 1960-talet i heile landet, bidrog til å legge ned mange av aktivitetane på landsbygda og skapte ein fråflyttingsprosess utan sidestykke.

I bygdelandsbyen vår på Farstad, var dei fleste yrka representert over tid.  Det var både småbruk og nokre større bruk som dreiv med mjølkeproduksjon, kjøtproduksjon og anna, slik det er i alle bygder. Mange av desse bruka var sjølvforsynte med mjølk, kjøt, korn, frukt, bær og grønsaker.

Av andre yrke og næringar som vi hadde aktivt på Farstad med omegn var lærarar, jordmødre, meieri, mølle, husflidarbeidarar, frisørar, fiskemottak, garnbøteri, pelsdyrnæring, sykkelverkstadar, bilverkstadar og drosjenæring. På Farstad var det ikkje mindre enn fem daglegvarebutikkar på same tid. Nokre av desse hadde også bensinutsal og medisinutsal. Det var slaktar, postopneri, bank, telefonsentral, fleire skular, trygdekasse, steinfabrikk, kafè, snekkarverkstad, urmakar, skomakar, vegarbeidarar, maskinentreprenørar, husmorvikarteneste, badstue, fryseri, konfeksjonsfabrikkar, møbelutsal,landbruksverkstadar og anna industri. Vi hadde strikkerinæring, birøktarar, eggprodusentar, båtfraktar som dreiv med kalktransport og frukttransport. Det var også lefsebakarar og korgmakarar, og vi hadde eige gravferdsbyrå og bibliotek.

Vi hadde fleire forsamlingshus, både bedehus, ungsdomshus og kino. På Farstad var det også militærnektarleir og fleire idrettslag som dreiv aktivt med fotball, friidrett og ulike vintersportar. I den omtalte tida der sentraliseringspolitikken for alvor sette i gang, hadde vi også hornmusikk-korps og det var fleire som trakterte mange musikkinstrument, danna sangkor, danseband og spela opp til dans.

Dei eldste i familieselskapet fortalte at dei brukte å samlast i sentrum i helgene og då spela dei opp til dans nede ved brua i sentrum, der dei dansa og kosa seg saman. Dei yngre i selskapet hadde gått på dans på ungdomshuset.

---------

På Hustad stod kirka med gravplassen.

Foto: Kirkhorn

Når ein ramsar opp på denne måten, skaper ein fort inntrykk av at bygda var ein liten sjølvforsynt by. Alt dette var ikkje på same tid, men det syner mangfaldet og kreativiteten i bygdelandsbyen. Slik var det rundt om på bygdene.

Folket i bygdene har til alle tider vore flinke til å skape aktivitetar i rundt seg, både for barn og vaksne.

På Farstad var det også fleire misjonsforeiningar, barneforeiningar og yngreslag, bondekvinnelag, sanitetsforeiningar og helselag. Etter kvart kom det sogelag. Folket sto samla og fekk til alt dette saman.

Utover og mot slutten av 1960-talet vart meir og meir lagt ned. Sentraliseringa skaut fart, ungdommen flytta frå den vesle bygdelandsbyen og søkte meir urbane levesett. Forgubbinga på landet starta.

Industrialiseringa og den økonomiske veksten som skaut fart i landet på den tida, førte til mangel på arbeidskraft og etter kvart auka fråflytting.  Verdiskapinga vart flytta frå bygdelandsbyen og inn til byane.

Det er enno gardar på Farstad og éin einsleg daglegvarebutikk. Heldigvis er det skule der også. Den ligg på Hustad no, og er barne-og undomsskule.

Mangfaldet er endra, men alt er ikkje negativt av den grunn. Folk er meir mobile og kunnskapsrike, og den elektroniske utviklinga har gitt ein ny dimensjon.

Mykje er endra og noko er nytt på Farstad, slik som barnehage, fengsel og hotell. Det er i seinare tid danna ei gruppe av Norsk Folkehjelp for å nevne noko.

Alt som var kring dette gamle, dette vesle landsbysamfunnet, som var så aktivt og levande, er borte.

Under familieselskapet snakka vi om alt muleg frå grautkjerringar, handverkarar og om konfeksjonsindustrien.  Det vart snakka om gledesstunder og sorg, om sjukdom, krig og uvisse.

Foto: Birkeland

Livet gjekk i sakte tempo før i tida, eit tempo som følgde naturen sin lov. Det var roleg og trygt med ulåst dør og naboar som stakk innom for å hjelpe til med eit og anna eller for å låne eit egg eller ein kopp sukker.  Då vart det óg tid for ein god prat over ein kaffekopp.

Det var samhold i fritid og samhold i arbeid i bygdelandsbyen.   ------

På dei fleste gardane var det mange ungar som trong mat og klede.  Skulle ein ha seg nye klede på den tida var det å sykla til ein av butikkane for å kjøpe stoff.  På vegen kunne ein sykle innom bilverkstaden for å kjøpe litt motorolje til traktoren eller berre for å slå av ein prat. Kan hende gjorde ein seg eit ærend innom slaktarbutikken for å kjøpe danskrull, pølse eller kjøtdeig til helga med det same. Vi var sjølvforsynte med det meste innan matvarer, men noko måtte vi kjøpe på butikken.  Vi måtte ha gjær, sukker, sirup, kamferdrops, mjøl og kaffi.  Så kjøpte vi sysaker, spikar, maling og lakk, naftalin og globoid. Vi diskuterte den herlege dufta av nylaga mat både hos slaktarbutikken og elles. Ingen gløymer den gode dufta av nykverna kaffi som vi kunne mala opp sjølv på ei raud og blank kvern i matbutikken. Vi kjøpte som regel ein mark kaffe om gongen. Ein mark var om lag 250 gram.  Mange vaksne nytte tobakk den tida. Inne i butikkane stod det difor store askebeger på golvet der det før hadde stått spyttbakkar.

Om sommarane var det fisking i elva og ofte kom det feriefolk på besøk. Dei budde som regel i byen og skulle feriere på landet. Når det vart mørkare om kveldane, brukte unggutane og karane ei lommelykt for å (lystre) lyse etter fisk i elva om kveldane. Det hendte at det kom nokre jenter óg då som ville vere med på moroa.

Foto: Widerøe

Det var mange som reiste rundt på gardane og bygdene på den tida. Det kom omreisande handelsfolk og fantefølger til dei fleste bygdelandsbyane for å selge varene sine.  Nokon av taterfølgja dreiv óg med tigging i tillegg til å selge varene sine.  Det var som regel heimelaga vispar og anna husgeråd dei selde for å tene til livshald for familiane sine.  Ofte var dei skitne og lusete, men snille og fargerike var dei. Enkelte i bygdelandsbyen dreiv med korgmakeri óg.  De selde produkta sine heimefrå.  Om ein trong ei ny brødkorg, eggkorg eller handlekorg, kunne ein oppsøke desse for å kjøpe. Det var ofte dans på lokalet i helga, og om søndagskvelden var det bygdekino.  På bedehuset var det andakt som omreisande predikantar stod for. Dei nytta ofte flanellograf og fortalte frå bibelhistoria og frå misjonsmarkane.  På slike tilstelningar var det servering av mat og drikke. Det var ekstra koseleg på bedehuset når Frelsesarmeen kom på besøk.  Dei hadde så mykje fengande fin musikk og sang.

For tilårskomne folk er det lett å tenke berre gode tankar når ein ser bakover i perspektiv. Det er lett å gløyme alt strevet som følgde med. Takksame ser vi at livet har blitt mykje lettare på dei fleste områder etter som åra har gått.

I Norge hadde det vore elektrisitet sidan slutten av 1890-åra. Til Farstad kom ikkje elektrisiteten før på 1950-talet. Dette fekk ein revolusjonerande effekt på dei fleste nivå, både innan jordbruk, industri, transport og levemåte. Husa fekk lys, og heimane fekk elektriske hjelpemiddel, slik som kjøleskap, frysarar, vaskemaskinar og varme.  Telefonen kom óg. På eit lite ti-år gjekk det frå hest og kjerre til traktor og silosvans.  Frå vaskestamp til vaskemaskin.  Det vart eit nytt tilvære som gav folk heilt andre levekår.

Det var berre grusvegar på bygdane før i tida. For hundre år sidan var det dei einskilde bøndene som skulle halde vegstubbane ved like der dei budde. Etter kvart kom det vegarbeidarar som fekk løn frå kommunen eller fylket og staten for å gjere dette arbeidet.  På femti- og sekstitallet hadde desse ein sykkel eller ein moped som dei nytta i arbeidet.  Etter kvart vart det leigd inn eigne lastebileigarar som kjøyrde grus og vegskrape.  På denne måten vart det arbeid til fleire, og bøndene kunne bruke tida si til å dyrke jorda.

Foto: Widerøe

Skulle vi ha nye klede vart det mykje omsying av det vi kunne ha i huset.  Måtte vi kjøpe nytt, var det som regel å ta ein tur til næraste butikk som hadde eit utval av det meste, både i stoff, maling, husgeråd, og matvarer. Om ein ikkje klarte å sy plagget sjølv, var det å ta turen til skreddaren eller sydamene, som vi hadde fleire av. Konfeksjonsfabrikkane dreiv som regel med større produksjon og selde helst ikkje til einskilde. Pengeinnsamling var det mykje av før på landsbygda. Det vart samla inn til misjonsforeiningane og til sanitetsforeiningane.  Det var salg av lodd og maiblomster.  Vi sykla lange strekkjer på sykkel med ballongdekk på dei gruslagde vegane.  Syklane hadde ikkje gir og kunne vere gamle og skranglete, men bremser og lykt hadde dei. Vi hadde eigen sykkelreparatør som ordna med dette.  Mang ein gong gjekk dette loddsalget føre seg tidleg på våren eller seinhaustes.  Ofte fekk ein kjenne korleis det var å få neglbitt i den kalde nordavinden. Imidlertid var det ei glede å få vere med på sjølve basaren. Då vanka det både gode kaker, varm kakao og kan hende ein liten gevinst, vunne på åresalget. Skulle vi vere så useieleg heldig å få nokre kroner til overs etter basaren, kunne vi gå til posthuset og sette pengane inn på sparekonto der.  Vi hadde eiga postsparebankbok der vi kunne halde styr på innskot og uttak.

Våronna kom før ein ante ordet av det kvart år.  Ofte var det oversvømte åkrar og kjellarar. Det kom seg av at det ikkje var så godt grøfta som no. Etter kvart kom det fleire maskinentreprenørar.  Desse hadde gravemaskinar og buldosarar og dreiv med grøftegraving og drenering av jord.

Det vart travelt på ein gard om våren.  Det skulle settast opp gjerder slik ar kyrne fekk komme ut på beite. Sauene skulle ut og opp på fjellbeite og fjøs skulle reingjerast, både i båsane og på høyloftet.  Rot og rask vart samla i ein haug til Sankt-Hans-bålet, og det vart rydda i hus og heim. Det var ikkje snakk om forureining og slike ting enno på den tida. Jorda vart pløygd, såkorn sådd og poteten kom i jorda.  Ein ny sesong kunne starte.  Ofte kom det fiskebil som selde sild om våren.  Store mengder sild vart salta og lagt ned i lake i tønner eller salta og hengt opp til tørk på ein løevegg.  Då hadde dei middagsmat lenge.

Sommarane var fulle av arbeid på gardane med høyonn og avling av potet og grønsaker.  Det var flikking av hus og utstyr og anna forefallande arbeid som måtte gjerast unna i dei varmaste månadane.  Det var ikkje så mange som reiste ut frå bygda på ferie den gongen, men det var mange som kom på besøk.  Det var som regel trongt om plassen, men der det var hjarterom var det husrom.  Ungane låg anføttes i senga og på flatseng rundt om. Mange skulle ha mat, og som regel gjekk det mykje i pannekaker og flesk sommardagane.  Dette var noko ungane sette stor pris på. Det hendte at det kunne vanka sveler til nonsmaten óg.  Det var ikkje så mange som hadde kjøleskap, så melka vart ofte sur, sjølv om den stod i mjølkespann i kaldt rennande vatn. Når vi hadde fått inn høyet på seinsommaren låg vi ofte på høyloftet også om natta.  Det var spanande og artig.

År om anna kunne det komme eit sirkus på besøk. Dette var utruleg spanande. Akrobatikk var det ikkje ofte vi kunne sjå elles.  Dyra i sirkuset var sjeldne, og elefantane og løvene var imponerande.

Sommaren flaug fort avgarde med mange gjeremål. Så kom hausten med slakting og potetopptaking. Dei som hadde kornåkrar, slo desse og treska kornet som dei køyrde til mølla for tørking og kverning til mjøl. Sauane vart henta ned frå fjellet og klipte. Ulla vart sendt til ullvarefabrikk der dei laga garn av ulla.  Ein del av flokken vart slakta og vart til fårikål og pinnekjøt.  I bygdelandsbyen vår var vi så heldige at vi hadde eigen slaktarforretning og slaktar som laga dei herlegaste produkta frå råvarene.  Vi som fekk oppleve dette, gløymer aldri dei gode duftane og smakane av rykande ferske varer.  Det fanst også slaktarar som reiste rundt om på gardane der dei dreiv med heimeslakt.  Då måtte ungane hjelpe til med vasking av tarmar i elva og røring av blod i stampen. Blodet vart nytta til blodpølser. Det vart laga pølser og leverposteiar rundt om på gardane.  Dei som ikkje hadde frysar å legge kjøtvarer i sjølv, kunne leige ein boks i fryseriet som stod i bygdasentrumet.  Det var det mange som gjorde.  Ein kan vel endå huske dei tjukke isolerte dørene inn til fryseriet. Dei fleste dreiv framleis med salting og tørking av kjøt- og fiskeprodukt.

Så var det sylting, safting og potetopptaking.  Då fekk alle skuleungane fri frå skulen for å vere med å plukke potet.  Den tida var småpoteten noko vi tok vare på og hadde til grisefôr.  No for tida er småpoteten vorte luksus og steikte i olje og krydder og servert på dei finaste hotella.  Utenkjeleg for berre tjue, tredve år sia. Ofte var det konfirmasjon om haustane. Då vart det slakta ein oksekalv til festen.  Tradisjonsmat som sosakjøt var vanleg å servere på slike festar.  Dei som dreiv med lefsebaking som attåtnæring fekk mykje å gjere både til jul og til slike anledningar.

Ein vanleg syssel om haustane var å klippe mattefiller av dei gamle avlagde kleda som ikkje kunne omsyast meir.  Det vart klipt opp i lange remser og nøsta opp. Så var det å gå til ho som hadde eigen vevstol med nøsta.  Ho laga fine golvmatter til jul.

Vinteren var ofte ei tung tid, men samtidig var det ei rolegare tid der folk fekk meir fritid. Vi hadde eigen kafè i bygdelandsbyen.  Dit kunne ein gjerne ta seg ein tur når tidene vart rolegare.  Det var helst om sommarane at det kom folk innom på kafèen.  Det hendte at det kom reisande og turistar på besøk som trong både mat og kanskje ei seng for natta. Jula var eit lyspunkt i mørketida og noko alle og einkvar såg fram til med stor glede. Vi skulle ha nye klede og vere fine på håret. Ungane vart som regel klipt heime, medan kvinnene måtte ein tur til frisørdama og ta permanent, krøller som varte lenge, til langt ut på nyåret.  Det fanst heimepermanent óg med ei forferdeleg amoniakklukt som følgde med denne handsaminga.  Dei fleste karane gjekk til herrefrisøren og fekk ein real juleklipp.  Det var mange som ikkje hadde bad i heimen.  Då kunne dei lauge seg i badstua som Sanitetsforeininga hadde fått reist, like ved skulen.

Juletrefest var lyspunktet for dei fleste ungane. Nye klede var noko å gle seg på, for ikkje å snakke om alle søtsakene som kom fram.  Elles i året var det lite av slike ting.  I heimane vart det baka alle sju slaga og meire til.  Butikkane førte alle slags julevarer.  Eksotiske saker som fiken og dadlar, appelsinar og andre sydfrukter kom fram på denne tida av året. Mange skikkar var knytt til jula, slik som det å gå julebukk.  Med tåre i augekroken kan vi minnast julekveldsvisa til Alf Prøysen der han syng om jordmor Matja og om den som var fire år i romjul`n. Så vart det nytt år.  Skulen starta opp att etter juleferien og som regel kunne ein ta fram både ski, spark og kjelke og bruke dei nye vottane ein fekk til jul for første gong.  Beksømskoene, som gjerne hadde vore ein tur innom ein skomakar og vorte halvsåla, kom på føtene.  Det varma godt med tjukke papirsåler i skoene klipt til av ein av dei siste utgåvene av Folkebladet eller Romsdals Budstikke.  No var det å glede seg til våren, til ballspel og leik, til pløying av jorder og såing i fåra.  Hjulet var nok ein gong kome rundt slik det skulle. Gjennom året var mange nye born komme til verda. Det var jordmora som hjalp til ved desse heimefødslane, og vart tilkalla gjennom telefonen.  Då visste dei på telefonsentralen om ho var heime og ledig eller om ho var ute i teneste. Ofte vart husmorvikaren tilkalla med det samme. Etter kvart var det fleire og fleire av kvinnene som fødde på sjukehuset i Molde.  Der kom det óg nytt sjukehus på sekstitalet.

Foto: Widerøe

Det kom ikkje sjuke- og gamleheimar før på slutten av 1950-talet. Dei gamle og sjuke budde i heimane saman med familiane sine, og dei med andre utfordringar, med skade eller andre helseplagar budde óg i heimane. Der fungerte dei fleste med tilsyn av familiane sine.

Nye folk kom stadig til verda, andre forlet den. Då vart det ringt til gravferdsagenten som hadde kiste på lager og kunne hjelpe til med alt frå stell av den avlidne og sjølve gravferda med trykking av sanghefte og slike ting.  Andre reiste ut frå bygda på vidaregåande skular, slik som realskule, yrkeskule og gymnas.  Nokon fekk seg arbeid på ein fabrikk eller i ein butikk i byen. Det vart lite tilflytting og mykje utflytting. Utviklinga skaut fart Dei nye media som kom etter kvart, med radio og fjernsyn, gjorde at vi fekk forsterka påverknad utanfrå.  Vi måtte sette av tid til å høyre og å få sjå på dette.  Det vart meir stress og press.  Vi fekk fleire å samanlikne oss med og vi vart meir og meir påverka av inntrykka utanfrå.  Det gjekk stort sett bra, men litt etter litt endra samfunnet seg og vart meir lukka.

Det vart meir press på enkeltmenneska, både frå skule og idrett.  Det vart stilt fleire krav og vi fekk andre grunnlag å samanlikna oss med.  Vi sette oss andre mål for å lukkast i livet. Dei små samfunna vart meir lukka og vi fekk mindre personleg kontakt med naboane. Vi fekk betre råd og meir pengar mellom hendene.  Vi fekk fleire, større og finare hus og heimar.  Nye maskiner og hjelpemiddel gav oss ein lettare kvardag med meir fritid. Mange brukte fritida til å sjå meir på fjernsyn.  Den nye verda kom tett innpå med mange inntrykk, både positive og negative.  No hadde vi ikkje så mange rundt oss å diskutera desse inntrykka med og krig og elende som vi såg på skjermen gjorde noko med oss.

Vi lærte mykje bra óg, men det er ikkje til å slå under ein stol at dei psykiske problema har auka.  Heldigvis så har det skjedd mykje positivt.  Det har vorte betre skular med meir sosial rettferd og fridom for dei einskilde.  Dei aller fleste klarer seg svært godt i landsbyen, men enkelte har det vanskeleg og er meir einsam enn tidlegare.

Det gjer godt å kunne samlast i familieselskap og å tenke tilbake og snakke om dei gode,  gamle dagane.  Vi kan lettast minnast det som var godt og koseleg.  Heldigvis så kan vi det.

Nedskrive hausten 2023

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal