Det meiner Frits Inge Godø (V), varaordførar i Midsund. Kommunestyret vart einig om å kome med ein uttale, der dei er tydeleg på at valet om Møreaksen skal stå fast.

Skuffa over media

– Og så har vi media, eg er skuffa over Budstikka som ikkje stiller eit einaste kritisk spørsmål rundt Romsdalsaksen. Når det gjeld økonomien i det prosjektet, må det vere interessant å få ut konkrete tal, meinte Godø.

Ingen omkamp

I den felles uttalen frå Midsund, er det tydeleg at dei ønskjer ingen omkamp om fjordkryssing av Romsdalsfjorden.

Vurdert fleire gonger

Nådde ikkje opp

Dei viser til at i alle desse utgreiingane var Sekkenalternativet med. Men alternativet gav ikkje god nok måloppnåing for E39, konklusjonen var at Møreaksen var beste alternativet.

Sterke regionar

– I Midsund legg vi vekt på at E39 mellom Kristiansand og Trondheim også hadde som mål å bygge sterke regionar langs Vestlandet. Møreaksen sikrar eit felles bu- og arbeidsmarknad. Mellom anna med kortare reisetid mellom dei tre største byane i fylket.

Utgreiingar frå Viktor Normann og Torger Reve viser at Møreaksen vil gi ei samfunnsnytte på mellom 835 og 1200 millionar kroner i året. Ei utsetting vil gje enorme tap både i næringsutvikling og samfunnsnytte for regionen.

Klar til oppstart

– Møreaksen er det einaste av sju fjordkryssingsprosjektet langs Ferjefri E39 som er klar for oppstart, utanom Rogfast som har hatt oppstart. Dersom arbeidet med Møreaksen blir nullstilt, rykker vi tilbake til start og kjem sist i køen.

Ein trygg tunnel

– Tautratunnelen er verken bratt eller farleg, stigninga er maksimum fem prosent. Det svarar til ei stigning som frå rundkøyringa på Årø til krysset mot Årødalen. Tunnelen får også to løp med rømmingsvegar for kvar 250 meter mellom tunnelløpa. Det har aldri vore bygd tryggare tunnel.

Fjellovergang

– Skal ein vurdere trafikktryggleik, må ein også vurdere tør vegbane gjennom tunnelen opp mot større stigningsgrad og glatt veg over Ørskogfjellet.

Kjerringsundet

– Realisering av sambandet over Kjerringsundet til Gossen og til Ormen Lange-anlegget er særs viktig for regional utvikling. Og utan Møreaksen går toget for fastlandssamband for næringsliv og dei 4500 fastbuande på Gossen og i Midsund.

Difor ønskjer kommunepolitikarane at Møreaksen kjem tidlegast mogleg i Nasjonal Transportplan for 2018- 2029 når vedtak skal fattast neste år.

Varaordførar Frits Inge Godø. Foto: Agnar Gjendem
Inger Lise Trønningsdal i Høgre. Foto: Agnar Gjendem
Ordførar Odd Helge Gangstad. Foto: Agnar Gjendem