NHO-direktør Torill Ytreberg er frustrert over Romsdalsaksen AS, og fryktar at utspela kan forkludre realisering av Møreaksen.

–No har det i lang tid vore arbeidd med Møreaksen, som er klar til bygging, og som vi håper kan komme inn på Nasjonal Transportplan neste runde. Eg er oppgitt over at Romsdalsaksen AS no kjem med nye utspel, det kan vere øydeleggande for Møreaksen, seier Ytreberg.

– Fryktar du at Romsdalsaksen AS sine planer reelt kan komme i vegen for Møreaksen?

– Ja, det kan skape usikkerheit – vi treng ikkje ein omkamp i 12. time. Vi må berre påpeike at det ikkje er det rette å komme med utspel om nye prosjekt på dette tidspunktet. Eg kan ikkje fatte at det skal vere nødvendig å ville forkludre dette no, seier Ytreberg.

Ho poengterer at rask realisering av Møreaksen er viktig for heile fylket, for å gjere arbeidspendling i alle delar av fylket enklare.

– Men kva om dette alternativet faktisk er ei betre løysing?

– Det kan eg ikkje seie noko om, men for meg ser Romsdalsaksen AS sine tal meir ut som hastverksarbeid. Statens vegvesen har brukt store ressursar på å arbeide fram grunnlagsmateriale og kostnadsoverslag for Møreaksen, det ligg svært mykje bak den planlegginga som er gjort, seier Ytreberg.