– Vi fekk henvending frå Sandøy kommune om det kunne vere av interesse å utrede ei eventuell overtaking av dei tre øyane. Men formannskapet forheld seg til e-posten vi seinare fekk frå Sandøy, som viser til vedtak om at det likevel er uaktuelt å gje frå seg øyane. Eit einstemmig formannskap tek avgjerda i Sandøy til vitande, vi legg saka død, fortel ordfører Bernhard Riksfjord.

Mot Midsund

Tirsdag kveld handsama formannskapet også framdrifta i arbeidet med kommunereforma. Her vart det einstemmig innstilt på tre punkt til kommunestyret:

Aukra kommune ser framleis Aukra-Midsund som sitt primære alternativ. Andre alternativ er Aukra som fortsatt eigen kommune. Og som eit tredje alternativ, vert drøftingar om ein større kommune på Romsdalshalvøya – med ein eller fleire andre ROR-kommunar.

Ut til folket

– Det er då tre alternativ når folket i Aukra kommune skal seie si meining. Det vert rådgjevande folkeavstemming 25. april. Der vert det vedtak om at aldersgrensa for å kunne ha si meining er satt til 16 år.

foto
Ordfører Bernhard Riksfjord (Ap) og varaordfører Helge Kjøll jr (KrF), la sammen med Heidi Løklingholm (Sp) fram framlegg om at dei ville gå for Aukra og Midsund. Foto: Bjørn Brunvoll