Det seier Arne Hunnes, leiar i Politiets Fellesforbund Nordmøre og Romsdal, tillitsvald for om lag 200 lokalt tilsette i politiet.

Etter at det onsdag vart klart at politimeisteren i det nye Møre og Romsdal politidistrikt skal ha sete i Ålesund, seier Hunnes at han ser

avgjerda som start på arbeidet med å skape det nye politidistriktet.

– Korleis er reaksjonen på at politimeisteren skal ha sete i Ålesund?

– Ein del er nok skuffa, det går på at dei risikerer å bli flytta. Men omfanget av dette er usikkert. Det er jo også slik at ingen liker å misse noko, så i Kristiansund er det vel vonbrot også sett i forhold til totalsituasjonen. At ein del reagerer, må ein ha respekt for. Som fagforeining blir det viktig for oss å medverke til å finne gode løysingar, seier Hunnes.

Han poengterer at det ikkje er snakk om store endringar over natta, det praktiske blir ikkje i stor grad endra med det første.

– Til dømes blir det ikkje gjort noko med operasjonssentralen i Kristiansund neste år. Det er viktig å tenke at vi kan bruke tid på å arbeide fram det nye politidistriktet, seier Hunnes.

Han legg også vekt på at ulike funksjonar skal vere fordelt i distriktet, det blir ikkje slik at alt skal flyttast dit politimeisteren er.

Hunnes peikar på at reforma inneber fleire utfordringar, både når det gjeld omstilling, omorganisering og å produsere tenester.

– Ei ny utfordring blir å skape ein felles kultur i eit større, samanslått distrikt. Eg tenker at vi har ulike kulturar både i Romsdal og på Nordmøre, og så får vi også sunnmørskulturen. Å få til dette blir svært viktig, det er avgjerande at dette lykkast, seier Hunnes. Kva dei ulike kulturane inneber, er vanskeleg å definere, men Hunnes meiner det kan handle om litt ulike måtar å gjere ting på, og litt ulike tilnærmingar.

– Korleis vil publikum merke endringa?

– Det er ikkje godt å seie. Vi har peika på at det må følgje ressursar med reforma, og at Møre og Romsdal i utgangspunktet ligg dårleg an med tanke på rammer. Dette skulle vi gjerne sett ei betring av – men det er jo ei utfordring som er og blir den same uansett kor politimeisteren er plassert, seier Hunnes.