Politistasjonssjef Per Karstein Røv ved Molde politistasjon vil ikkje kommentere plasseringa av politimeister.

- Vi konstaterer at det er gjort eit valg, og er glad for det. Ut over det har eg ingen kommentar til plasseringa, seier Røv.

- Kva praktiske konsekvensar vil plassering av politimeisteren få for politiet i Molde?

- Ingen. Vi er priviligert ved å ligge midt mellom Ålesund og Kristiansund, med om lag lik avstand til begge. Stadsvalet har slik sett ingen konsekvens eller betydning for oss.

Men eg har respekt for at kollegaene i Kristiansunds reaksjon, som får endra sin arbeidssituasjon, seier Røv.