Dette er openbart ein taktikk fylkestingsrepresentant Dordi Boksasp Lerum driv med på inn og utpust. Eg vil anbefale Dordi å faktisk lese om våre forslag før ho uttalar seg slik, for dei påstandane som kjem no heng ikkje på greip!

Fleirtalet i fylket har måtte kutte 89 millionar kroner i budsjettet til fylket, etter at SP i praksis vart tydeleg levert frå finansministeren og regjeringa i statsbudsjettet for 2024. Fylkeskommunedirektøren har klart slått fast at Møre og Romsdal fylke får realnedgang i rammeoverføringar i 2024 på 1 %, noko som i praksis betyr fleire hundre mill kr i tap. Dette er SP sin distrikspolitikk i praksis!

Fleirtalet med FrP, Høgre, KrF og Venstre har klart og tydeleg, både skriftleg og i fylkestinget slått fast at rasjonaliseringa ikkje skal gå ut over tjenesteproduksjonen, noko fylkesutvalget igjen slo fast seinast sist mandag.

I eit budsjett på ca 7 milliard kr, klarer ein relativt lett å rasjonalisere 1,7% i kutt av unødige prosjekt som SP har oppretta, slik som til dømes «byen som regional motor» til fleire titals million kroner.       SP har sidan 2019 kutta brutalt i skule, det er fakta, medan FrP kvart eit ei år har kjempa for både linjene og pengane til skuledrifta. Under valkampen i 2019 sto SP å lova at ingen skular skulle leggjast ned. Det første dei gjorde når dei kom til makta var å leggje ned Vanylven VGS. Det er etter 8 år med raud-grønt styre at vi no må rydde opp. At SP sin politikk er skadeleg for distrikta får vi tydeleg sjå, når til og med bøndene riv seg i håret over SP sin vanvittige skatte- og avgiftspolitikk  som sender bøndene omtrent frå gard og grunn, og landbruket står i kneståande. FrP har ingen planer om å kutte i skuledrifta, dette må fylkeskommunedirektøren berre levere på.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal