I eit innlegg i Romsdals Budstikke skriv Kristian Vold og Vegar Bellingmo i Utdanningsforbundet om den bekymringsfulle og prekære situasjonen i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. Senterpartiet er også bekymra. FRP, Høgre, Krf og Venstre sitt kutte-og-sentraliserings-budsjett for 2024 ser vi allereie no at får konsekvensar for elevar og tilsette.

Nyleg vart vi kontakta av ein elev ved ein vidaregåande skule i fylket. Ho fortalte om at norsklæraren hennar hadde vore sjukemeld den siste veka utan at vedkommande vart erstatta med vikar. Eleven var bekymra for undervisinga, og for korleis det skulla gå med eksamen til våren dersom læraren er sjukemeldt over ein lengre periode framover.

Sjølv om skulane er pliktige å setje inn vikar for lærarar som er fråverande, er altså konsekvensane av FRP og borgarleg side i fylket sitt budsjett at skulane blir tvinga til å bryte denne plikta. Framover er det varsla full stopp i nye tilsetjingar, innkjøp og vikarbruk for å bøte på. Korleis kan litt ny asfalt vere viktigare for sentraliseringskameratane på høgresida, enn framtida vår – elevane?

Då vi var samla til fylkestingsmøte i desember vart det, mot Senterpartiet og mindretalet sine stemmer, vedteke eit budsjett som la opp til store kutt for barn og unge i Møre og Romsdal.

I følgje Vold og Bellingmo i Utdanningsforbundet må dei vidaregåande skulane i fylket kutte 89 millionar kroner i år. Medan FRP og borgarleg side altså gjekk inn for å kutte, føreslo derimot Senterpartiet å auke pengane til vidaregåande skule med 41 millionar kroner. Til saman ville altså dei vidaregåande skulane i fylket hatt 130 millionar meir å rutte med dersom Senterpartiet hadde bestemt. I staden må alle skulane i Møre og Romsdal kutte kostandar tilsvarande ca. 4,5 årsverk i snitt.

Dersom det er politisk vilje, er det mogleg å unngå strukturendringar og nedleggingar av vidaregåande skular i fylket. Fyrste steg då er å satse på vidaregåande skular i heile Møre og Romsdal, både i byane og i distrikta. Senterpartiet meiner det er viktig med ein desentralisert skulestruktur, der elevar kan gå på ein skule nært der dei bur. FRP, Høgre, Venstre og Krf sitt kutte-og-sentraliseringsbudsjett går fyrst og fremst utover barn, unge og tilsette i skulane våre.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal