Klimaendringane er her. Styrtregn, flaum, jordras, tørke, brannar. Alvoret har vore grundig varsla i mange, mange år. Liv og helse blir sett i fare, dyrkamark blir rasert, infrastruktur og store verdiar øydelagt. Sikker norsk matproduksjon treng eit stabilt klima. Og for å kunne leve gode, trygge liv i lokalsamfunna våre, er vi også avhengige av eit stabilt klima. Og det har vi ikkje lenger.

Kva kan vi gjere? Vi kan sikre gode ordningar for å trygge dei som produserer maten vår, for eksempel til å styrke kantsonene mot elver, betre drenering, fremje dyrkingsmetodar som betre toler tørke og for mykje regn, og bevaring av våtmarker og myrer – naturens eige vern mot ekstremvêr. MDG har utfordra regjeringa på dette, for her trengst det store statlege satsingar, dette kan ikkje bøndene fikse sjølve.

Klimatilpasning må langt høgare på dagsorden. CICERO Senter for klimaforsking har sett på kor godt norske kommunar er rusta for klimaendringar. Dei namngjev dei tretti kommunane i landet som førebur seg best, og her finn vi kommunar i alle regionar – bortsett frå Møre og Romsdal. Vi har ein jobb å gjere. Dei finn at det er tre sett med barrierer: Kommuneøkonomi, kapasitet og signal frå kommunestyret. Dei viser òg fram døme på kommunar med anstrengt økonomi som likevel har klart å gjere mykje godt arbeid med klimatilpasning, som Fauske kommune. Politisk vilje og tydeleg forankring er heilt avgjerande for at arbeid med klimatilpasning skal lykkast. Dei peikar også på at det blir stilt for få krav til private utbyggjarar. Alle nye byggjeprosjekt skal ta omsyn til klimaendringar – og det må gjennomførast i praksis, og grundig.

Naturen må vere førsteprioritet når vi planlegg arealbruk. Bit-for-bit-nedbygging, som har vore normalen, fører oss djupare inn i naturkrisa. Å fortsetje å øydeleggje natur for å tillate vegbygging, bustader eller næring gjev nokre kortsiktige gevinstar, men summen av nedbygginga kostar veldig mykje meir enn den smakar. Nedbygging av natur er den viktigaste årsaken til at bestanden av fleire og fleire fuglar, insekt, landdyr og planter rasar nedover med ei fart verda aldri har sett maken til. Å stanse tapet av natur er også det viktigaste tiltaket mot klimaendringar, etter utfasing av fossile brensel. I tillegg er det altså avgjerende for klimatilpasning. Ekstremvêret i sommar ville ramma oss hardare utan nærnaturen. Skogen syg til seg flaumvatn, mens asfalt fører det ned i kjellarane våre.

Når Molde skal få ny arealplan, må naturen setjast først. Tradisjonelt har ein tenkt at ny arealplan betyr nye byggjefelt, nye areal til næringsverksemd, store utbyggingsmoglegheiter, nye vegar. Men vi må tenkje smartare. Vi må stoppe tapet av natur. Naturen, livsgrunnlaget vårt, det ingen av oss klarer oss utan – det er dette vi må setje først. I Nordre Follo har eit sterkt MDG på vippen fått gjennom ein ny og banebrytande naturpolitikk, som gjer at fagmiljø over heile landet ser dit.

Dette kan vi i Molde også få til, men då må du stemme inn politikarar som tar vern av natur på alvor. I 2021 kom det store protestar då Statens vegvesen la fram planar om inngripande europaveg i dagen sørvest for Kringstadsetra i Moldemarka. Etter at planane blei knadd ein del på, blei dei godkjent av eit fleirtal i kommunestyret (H, Ap, Sp, V, KrF). Nokre såg det som ein siger, fordi Statens Vegvesen hadde lagt fram endå verre alternativ. Men dersom Møreaksen blir realisert, får vi dermed nesten ein kilometer støyande E39 rett ved Moldemarka med på kjøpet. Dette er lokaldemokrati i praksis. Men vi kan også gjere det motsette – ta politiske val om å bevare Molde som ein av dei rikaste kommunane på naturmangfald, som vi faktisk er i dag.

Å redde natur er ikkje noko vi blir ferdige med. Det krev hardt arbeid over tid. Derfor stiller vi i MDG til val for ein ny periode. Vi treng di stemme – for naturen vår, ei kjelde til livskvalitet og samtidig eit essensielt vern mot klimaendringane.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal