Den reelle Eksportvegen frå store delar av Molderegionen og Nordmøre går på FV 64 til Åndalsnes, og videre på E-136 Romsdalen. At det er HALLELUJA for underteikna for at Møreaksen er skrota av dagens samferdselsminister og regjeringa, får eg berre takke Heimen for blant anna.

Heimen og ein del andre av denne "Møreaksenklanen" har gjort ein framifrå jobb med å sette "galskapens prosjekt" i fokus, slik at også regjeringa har sett galskapen. Må nesten berre få takke for dette, jobben min inn mot Samferdselsministeren har faktisk blitt lettare etter all greinaløysa frå den kanten.

Ferjene kostar det dei kostar og heldigvis er alle dei borgarlege partia i fylket med på kraftig rasjonalisering av fylkesadministrasjonen, samt unødvendige program og prosjekt, som har frigitt pengar til fortsatt god ferjedrift i fylket. Mitt engasjement til Langfjordkryssinga er rett og slett av same grunnlag som engasjementet mitt for Nordøyvegen. Gode lokale realistiske prosjekt til overkommelige kostnadsrammer med svært stor samfunnsnytte.

Å omgjøre FV 64 til riksveg har vi meint lenge, også eit samla fylkesting.

Men, takk for omtanken Heimen, du gjer ein god jobb for å løfte fram mine standpunkt i det politiske ordskiftet. Eg kjem uansett til å arbeide for viktige reelle vegprosjekt her i fylket - slik som å få E-136 Moa til Vestnes inn i Nye Veier as sin portefølje, og få FV 64 som riksveg og eit framtidsretta fokus på realisering av Langfjordkryssinga.

Mvh

Frank Sve

1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen

Stortingsrepresentant

for FrP.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal