Svar til Stina Nordland, logistikkstudent ved HiMolde på dette innlegget: https://www.rbnett.no/meninger/i/JQdmE4/advent-nei-vent

Det er viktig for at vi skal kunne vidareutvikle tilbodet i heile det fine fylket vårt. Ofte kan små justeringar gjere at ting blir litt betre, og vi vil gjerne gjere det vi kan for at fleire reiser kollektivt.

Black Friday

Både vi og sjåførane våre vil sjølvsagt at bussane skal fram i tide, men det kan gå heitt for seg i trafikken når alle skal ut og sikre seg dei beste kuppa på Black Friday, som i år var på fredag 24. november. Når trafikken står heilt i stampe, kan både den eine og den andre sjå rødt – eller gult i FRAM-appen, då. Etter ein slik dag, kan det bli mykje nerding over rutedata hos oss i FRAM (vi elskar rutedata). Då blir vi varme om logistikk-hjarta våre når rutedata for busslinje 701 viser at det av 4809 turar denne hausten, berre har vore 12 turar som har ei forseinking på over 20 minutt fram til Høgskolen. Og så tenker vi at det er fint med berre ein Black Friday i året, sidan vi ser at 11 av desse 12 forseinkingane skjedde den 24. november. Kanskje ikkje så mykje trøyst viss ein står og frys i eit busskur akkurat den dagen, men litt trøyst for oss som er over normalen opptekne av logistikk.

Endringar

Sjølv om vi i FRAM drøymer om å berre kunne få drive med kollektivtrafikk utan å bli forstyrra av andre hendingar, skjer det stadig ting i fylket vårt som påverkar det finmaska rutenettverket vårt. I starten av november varsla vi at busslinje 701 måtte endre køyrerute, sidan Kviltorpvegen blei stengd for gjennomkøyring på grunn av vegarbeid. Heldigvis har vi flinke ruteplanleggarar som legg opp alternative køyreruter i slike tilfelle.

Info om endringar kan kundane blant anna finne på nettsidene våre, men sidan så mange driv og styrar med ting som påverkar kollektivtilbodet (kan ikkje alle berre slutte med det?), blir lista med informasjon stadig fylt på. Derfor må ein ofte bla litt nedover for å finne det som står om si busslinje eller si båtrute. Litt tungvint, syns vi, så vi er veldig glade for at vi snart får ei ny og meir brukarvennleg nettside.

Den nye FRAM-appen som vi lanserte i oktober har blitt godt motteke av kundane våre. Der kan du blant anna få info om avvik og sjå kor bussen din er til ei kvar tid. Då veit du om du må droppe frukosten og ta beina på nakken for å nå bussen, eller om du kan unne deg ein kopp kaffi før du spring. Og når vi først er inne på app – kom innom oss på Innbyggarlaben i Molde 6. desember frå kl. 18–20! Der tek vi imot innspel til vidareutvikling av appen og viser korleis vi jobbar med den. Vi skal også snakke den nye sonestrukturen i fylket vårt.

Rusk i maskineriet

Sjølv om vi spøkar med at vi i FRAM berre vil drive med kollektivtrafikk i fred og ro, kan det sjølvsagt vere rusk i maskineriet vårt også. Innimellom går saker og ting på tverke, same kor mykje vi ønsker oss eit smidig kollektivtilbod der alt berre går akkurat slik vi har planlagd. Og skulle det vere noko riv ruskande gale, kan du gjerne kontakte kundesenteret vårt. Der får du heldigvis svar før jonsok – dei har ei gjennomsnittleg svartid på telefon på eitt minutt (meir tall-nerding der, altså).

Heilt til slutt vil eg seie at eg håpar at du blir igjen i Molde og tek master (og at du tek bussen). Både vi og fylket vårt har bruk for fleire brennande logistikk-hjarte.

Toril Karlsnes, seksjonsleiar for Marknad i FRAM

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal