På barneskulen lærte me at det betydde ventetid. Me skulle vente på jul og telje ned antal dagar med nellikspikker i appelsina. Etter å ha flytta til Molde som student, og spesielt i løpet av dei siste dagane, har eg lært at venting, det gjer ein visstnok mykje av elles i året også! Meir spesifikt – på at bussen skal kome.

Sjølv bur eg på campus, rett att med Høgskulen, og har det som plomma i egget – kort veg til forelesingar og bibliotek, turområde eit steinkast unna blokka, butikk rett i nærleiken, og busstopp kvar det passerer buss omtrent kvar heile og halve time. Eller, det skal gjere det i teorien i det minste. I skrivande stund er nemleg 701-bussen forseinka med nøyaktig 28 minutt, skal ein tru Fram-appen. Eg tenkjer berre på dei to stakkarane som sto i busskuret når eg gjekk forbi tidlegare, just in time til 17:24-bussen. Dei står der nok enda, godt at taket på skuret er tett!

Det har vorte sagt frå medstudentar at det er vegarbeid som gjer dette, og at det skal halde fram til april neste år. Om dette stemmer eller ei, veit eg ikkje, fordi det står ingenting om det på Fram sine heimesider heller! Det vart sagt at ein bussjåfør hadde ytra til ein passasjer at dei måtte sende inn klage til Fram, for situasjonen var så gale no. Om ventetida er like lang på kundeservice også, vil ein nok få svar til jonsok.

Som logistikkstudent på «Noregs einaste vitenskapelege høgskule i logistikk», må eg innrømme at eg vert litt oppgitt. HeHer vert me opplært i lean, effektivitet, god distribusjonsplanlegging og smidige forsyningskjedar, men risikerer i verste fall å kome for seint på eksamen grunna forsinka buss? Fram les dette – ta hintet! Me er meir enn nok kompetente folk tilstades i byen som kan hjelpe dykk med ruteplanlegging på ein måte som gjer at ikkje alle rutetidene forbi Molde campus står i gult grunna store forseinkingar!

Eg skal ikkje kome her og krevje både det eine og det andre – eg er eigentleg berre ei enkel sjel frå ei lita vestlandsbygd inni ein fjord, vel vandt med den eine søndagsbussen som går 19:10 heimefrå. Men  i gjengjeld kjem den alltid 19:10! Når eg då for snart 3 år sidan har valt «bylivet» og studietida, var det ikkje dette eg såg føre meg… Så kjære Fram: kan de ha eit aldri så lite møte, og forsøke å fikse dette, så advent berre vert ventetid til 24. desember? Det står i alle fall på ynskjelista mi til jul. Ordnar de det, skal eg bli att i Molde og ta mastergrad – og nytte meg av bussen så ofte eg kan!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal