I førre veke hadde dei politiske fagutvala i Møre og Romsdal fylkeskommune økonomiplan med handlingsprogram for 2024 til 2027 til behandling.

Med ein anstrengt fylkeskommunal økonomi var det store forhåpningar til at politikarane ville ta jobben som både arbeidsgivar og regional utviklingsaktør på alvor når dei no skal legge føringar for korleis fylkeskommunen skal jobbe dei nærmaste åra. Vi registrerer dessverre at dette ikkje stemmer.

Eit forslag om å kutte 2,7 prosent på alle områder med effekt allereie for 2024 er føreslått, i tillegg til ei auke i budsjettet med føringar for kva satsingar det skal brukast pengar på det kommande året. Verkemiddelet som politikarane gir fylkeskommunedirektøren for å få gjennomført dei nødvendige budsjettforslaga er derimot, slik vi ser det, i hovudsak kun knytt til kutt i årsverk, samtidig som politikarane har forventingar om at tenesteproduksjonen skal vere den same. Dei hovudtillitsvalte i Møre og Romsdal fylkeskommune vil derfor minne politikarane om at dei som alle andre må halde seg til grunnleggande reglar for arbeidslivet i Norge som t.d. arbeidsmiljølova og hovudavtalen for KS.

Det ligg eit stort ansvar på politikarane som arbeidsgivar for 2 500 tilsette i fylkeskommunen, og det vert forventa at dette vert teke seriøst. Det forslaget som no posisjonen legg fram meiner vi viser at politisk nivå i fylkeskommunen har lita forståing av kva oppgåver som fylkeskommunen er sett til å løyse, og heller ikkje har innsikt i korleis desse må løysast opp mot bl.a. myndigheitsregulerte krav og forskrifter.

Dei hovudtillitsvalte i fylkeskommunen ber dei styrande partia i fylkeskommunen ta inn over seg det arbeidsgivaransvaret dei no sit med for fleire tusen tilsette, og samtidig setje seg inn i konsekvensane eit slik forslag får for både fylkeskommunen internt og for tenesteproduksjonen for innbyggarane i Møre og Romsdal. Det kan verke som dei styrande partia i fylkeskommunen har gløymt at dei ikkje lenger er i opposisjon, men faktisk sit med makta og det ansvaret som det fører med seg.

På vegne av over 2000 tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Unio v/Andreas Outzen (Utdanningsforbundet), LO v/Viggo Jordahl (Fagforbundet), YS v/Laila Aas (Parat), Akademikerne v/Lisbeth Nervik (Tekna og Akademikersamarbeidet i Sentraladministrasjonen)

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal