Ein Møreakse med «svimlande» 2292 bilar over fjorden pr dag er så hinsides langt vekk frå alt som har med InterCity å gjere som det faktisk går ann å oppnå. 80 millionar reisande årleg med tog og i hovudsak ved InterCity, blir rett og slett useriøst og kompetanselaust å samanlikne med galskapens prosjekt Møreaksen.

Kva er Intercity?

Jau, InterCity (også omtalt som bl.a. InterCity-utbyggingen, InterCity-strekningene og tidligere InterCity-triangelet) er en betegnelsen på utbyggingen av jernbanelinjene fra Oslo og mot Halden, Skien, Lillehammer og Hønefoss, og omfatter Østfoldbanen, Vestfoldbanen, Dovrebanen og Ringeriksbanen.[1] Rundt 80 % av Vys passasjertrafikk skjer innenfor disse strekningene.

Det neste galskapens akse Møreaksen og Møreaksenklanen planlegg, er sikkert at dei ynskjer togstrekning på Molde? Møreaksen har absolutt null bu og arbeidsmarknadseffekt, absolutt svært begrensa pendlareffekt, og framstår regelrett som tidenes sløseriprosjekt. InterCity er eit viktig transportsystemet over store delar av dei folkerike delane av landet, heilt nødvendig for å frakte folk og arbeidspendling til og frå i store delar av landet.

Møreaksen har ikkje ein slik funksjon, og vil faktisk kunne oppnå stikk motsatt verknad.

I dag pendlar mange hundre frå Vestnes til Molde gratis med ferja, med Møreaksen blir bompengane betydelege pr dag, noko som er utalt frå mange at dette må fører til at ein må finne seg anna jobb. Dei daglege kostnadane frå øyane blir også betydelege, og i grell kontrast til dagens gratisferjer. Når folket på øyane klaga over kostnadane med ferjer og kravde gratisferjer, er det ganglaust når dette blir skifta ut med svimlande summar i bompengar.

Heldigvis er Møreaksen skubba langt ut i tid, og den nasjonale debatten dreiar seg no mykje om trafikktrygging og bygginga av vegsystem tilpassa trafikkmengda.

« Dødsvegar» slik som E-16 Skaret- Hønefoss og E-39 Veibust-Blindheim- Moa, samt til dømes E-134 vil sjølvsagt måtte prioriterast milevis før slike hjelpeslause prosjekt som Møreaksen.

I Møre og Romsdal er eksportvegen E-136 Ålesund til Bjorli fylkets viktigaste veg, og skulle noko ha fokus på trafikkmønsteret i fylket kunne ein begynne med å faktisk sørge for reell prioritering av denne eksportvegen..

At «Møreaksenklanen» kun ser sine eigne skotuppar er lett å sjå, men heldigvis vil nok denne klanen stå igjen i historia som nokon som forsøkte å bygge noko folket ikkje ville ha.

Så blir nok sikkert ikkje påstanden om Møreaksen som Intercity det siste vanvittige utspelet vi opplever ikring dette galskapens prosjekt. Argumenta for dette vanvittige prosjektet har no tydelegvis teke slutt, og panikken breiar seg no tydeleg når prosjektet no vert skubba ut i øydemarka.

Sakte men sikkert sig det inn på Løvebakken det faktum at dette vanvittige sløseriprosjekt må stoppast ein gong for alle.

Såleis ser ein no reelt starten på slutten for Møreaksen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal