Det kan vi bli etter valet, men inntil vidare må vi greie oss med å eventuelt legge fram gode forslag som kan få fleirtal:

Sak 39/2020 E39 Bolsønes-Kviltorp, fastsetting av planprogram Molde kommunestyre

Bjørn Jacobsen (SV) fremmet følgende forslag:

«Molde kommunestyre mener at 4-feltsveg i dagen er et for stort inngrep øst i byen. På kort sikt kan lyskryss effektiviseres, og rundkjøringer kan eventuelt erstatte dem. Dersom trafikkøkningen en gang i fremtiden blir så stor at vegen må utvides, kan man ta opp igjen ideen om å bygge tunnel fra Bolsønes til Lergrovik».

Punkt 5 ble vedtatt med 32 (SV, SP, FRP, MDG, Rødt, 1 Høyre - mot 27 stemmer)

Dette var eit tidlegare nedstemt forslag frå Borgerlisten då Bypakke Molde og vegløysinga langs Fannestranda var til behandling i kommunestyret i november 2017.  Som eg tok opp igjen fekk solid fleirtal for i 2020.

Eg skulle gjerne vist fram protokollen frå møtet i 2017, men han ligg ikkje ute til offentleg ettersyn tilliks med dei fleste protokollane den tida Torgeir Dahl har vore ordførar. Ein kan skrive og søke å få innsyn, men eg har mast lenge nok om å få lagt ut protokollane så dei lett kan lesast.

Kanskje ordføraren vil gjere greie for kva som skjedde i kommunestyret i november 2017?

Eg og fleirtalet i kommunestyret ville berge Fannestranda og ville ha tunell med avkjøring på Reknes,  Bolsønes og Lergrovik. Vil staten ha Europveg gjennom byen vår får han betale sjølv og legge han i tunell bak byen vår.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal