Då er kanskje grunn til å minne Aukra Høgre om det norske uttrykket:  «Langt  mellom liv og lære», og om kva Høgre har vore imot gjennom mange år og  perioder, når særs  viktige samfunns -og utviklingsområder har vore til behandling og avgjersler i eksempelvis planutval, formannskap og Aukra kommunestyre.

Aukra Høgre føreslo og fekk overraskande nok støtte i kommunestyret om at Aukra kommune ikkje skulle ta stilling til, eller engasjere seg verken i bru (Kjerringsundet) eller Møreaksen-prosjektet. Etter at  Aukra kommune gjennom to tiår og meir enn det hadde prioritert og vedtatt  fastlands- prosjekta ved alle høve. Gleda og smila utanom dei sjølve over denne «sigeren», vart ikkje tatt i mot verken med stor bravur, eller jublande ovasjoner. Historia slutta heldigvis ikkje med dette «famøse» vedtaket, men lar det ligge.

Når ny sentrumsplan med nødvendig infrastruktur over og under bakkenivå samt ønska  plassering av kommunale bygg som skole, omsorgssenter, bibliotek, Kulturhus-og basseng kom til politisk behandling og avgjersle. Sette Aukra Høgre seg på nytt i førersetet riktignok ikkje åleine, for i første omgang å kunne stoppe skole og basseng,  og meir enn det.

Aukra kommunestyre fatta i november 2011 nytt vedtak og valte samstundes ny plannemd og organisering for «nytt Kulturhus og basseng »med den optimistiske arbeidstittelen «Storstauå for Aukra kommune». Fram til 2010 var oppdraget og arbeidstittelen «nye Soltun kulturhus».

Fleirtalet i kommunestyret støtta stort sett plannemda sine anbefalingar i tidsrommet 2012-2019, når kommunestyret fekk seg førelagt i alt 19 saker til behandling om det nye kulturhus - og basseng-prosjektet.

 Det kom fleire og årlege repriser frå stort sett same avsendarar med innspel og forslag der ordbruken i forslaga stort sett var nedskalering og kostnadskutt for Kulturhus og basseng.

Aukra Høgre føreslo i 2019 eit uvanleg og uventa utsettelsesforslag, sitat: «Kulturhus-saka sendast tilbake til administrasjonen etter å ha gjennomført kravspesifikasjon, lyser ein ut konkurransen på nytt. Noverande konkuranse vert avlyst», sitat slutt. Konsekvensane ville vore minimum tre års utsettelse, og kva ville det medført? , men fornuften sigra nok ein gong. Praktbygget er komme på plass, og er vel både godt likt, og mykje brukt.

Aukra Høgre kommunisert utad og lenge at dei hadde lita tru på Aukra kommune sine muligheter som eigen kommune under kommunesamanslåing-prosessane. Odd Jørgen Nilssen ,Høgre fremma følgjande forslag som dei ba kommunestyret slutte seg til, sitat : «Aukra kommune slår seg saman med ein eller fleire Romsdalskommunar med Molde som kommunesentrum», sitat slutt. Truleg var det bra at både undertegnede og fleirtalet i kommunestyret igjen vann fram, eller?

Det er mulig Aukra Høgre og andre som det ofte er vanleg  og meir behagelig å bruke. Velger å skyte på pianisten for framføring og bruk av deira manuskript-  men då er det både viktig og riktig å sjå kor opphavet, eigarskapet og fakta -manuset som pianisten i dette tilfellet undertegnede framfører, og kor det opprinneleg og faktamessig har blitt laga, produsert og formidla.  Der ligg kanskje svara.

God sommer vil vi forhåpentligvis kunne være samde om, og den kjem.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal