1. At Møre og Romsdal fylke går i samla flokk og støttar opp om Møreaksen og Kjerringsundet. Det er trist å sjå at politikarar frå våre nabokommunar prøver å score på å vera imot for å få eiga vinning i eiga kommune. Møreaksen er vedteken og står inne i NTP på trygg plass. Det kjem lite fram at Aukra sikrar sjølvfinansieringa for Kjerringsundet og samtidig er med og sikrar trafikkgrunnlaget mot Møreaksen. Tenk om vi saman kunne gå i samla flokk i heile fylket, og kreve meir pengar til NTP for å sikre at Møreaksen blir bygd ut i 1. periode av ny NTP. I Aukra er Vikenco ei av dei største eksportbedriftene i fylket som ventar på fastlandsssamband. Eksportvegen E 136 som Nye Veier har ansvar for støttar heile Møre og Romsdal opp om. Det å da kritisere Vegvesenet for å ha jobba fram Møreaksen blir merkeleg Vi konkurrerar sterkt mot regionane/fylka sør og nord for oss. Dei berre ventar på å overta vår plass i NTP neste år.

2. Vi kan ikkje godta ein nedgang i antall fergeavgangar frå 01.01.24. Er det snart på høg tid med eit ferje- og kystopprør for å sikre verdiskapinga for våre eksisterande bedrifter ute i øysamfunna. Vi må stå på opp og kjempa for framtida for å sikre distriktsarbeidsplassane,og at ungdommen tør og vil bosette seg ute i øykommunane. Vi må kjempe for at det å bo i distrikta ikkje skal vera ei motsetning til godt tilbod og tilgjengelegheit.

3. I Aukra ønsker vi at nokon tør å satse på hotelldrift med kafe og pub og turisme generelt. Aukra kommune har fondet «Næringssatsing mot 2025» som kan vera med å trygge eit slikt prosjekt gjennom oppstartfasen. Rundt reiseliv kan nokon satse på havfiske med turistar?, gjerne i samarbeid med hotellsatsinga. Vi har eit padle-eldorado rundt oss som og kan koplast opp mot reiseliv. Dersom du kjenner på ei spenning rundt denne ideen, ta kontakt med kommunen og Aukra Næringsforum.

4. Molde og Romsdal Havn IKS ser på moglegheita for å utvide med flytebrygge til mindre fiskebåtar på Nautneset. Vi har heldigvis dei som har satsa på fiskeri i vår kommune, men vi ønsker oss fleire ungdommar som tør å satse på eigen båt.

I Aukra ønsker vi gründeren velkomen til ein ja-kommune som er framoverlent saman med våre gode eksisterande bedrifter.

5. Det å satse på bofellesskap for eldre med mottoet «Leve heile livet» er viktig for vår kommune både på fastlandet og ute på Gossen. Vidare må vi fortsette det gode samarbeidet med Hustadvika om ungdomsskole i Julsundet dersom dei ønsker det. For ungdommen må «leie før eie» bli eit reelt alternativ også i vår kommune.

6. Vi må tilby ei åpningstid i barnehagane som er tilpassa foreldra si arbeidstid best mogleg, og sørge for tilbodet om fritidskortet til fritidsaktivitetar vidareførast til dei som treng det.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal