Men, det ser ut til at SP har ein eller anna plan for «sjølvutslettelse» når dei også nasjonalt gjer det dei kan for å øydeleggje distrikta og næringsfylka.

Med sin partileiar Vedum som finansminister går drivstoffprisane til himmels, straumprisane likeså, skattar og avgifter skal aukast, og kutt og nedeskalering av samferdselsbygging ser ut til å være eit mål.

SP og AP sin politikk rammar næringsfylket Møre og Romsdal brutalt, og det er totalt ufattelig at dette faktisk skjer.

Så er det ikkje berre «Møreaksenforkjemparen» Geir Inge Lien i Møre og Romsdal SP som tydelegvis hardnakka arbeidar mot snarleg å nå sperregrensa,  men dette ser vi også i fleire SP kommunar her i fylket. Rasering av eldreomsorg, pleie og omsorg ser også ut til å være eit mål i SP i fleire kommunar.

Geir Inge Lien hevdar dei skal satse omfattande på E-136 frå Ålesund til Bjorli. Vi forventar då at statsbudsjettet som no snart blir lagt fram, viser kraftig auka rammer til Nye veier as for E-136 Vestnes til Bjorli, og at der ligger milliardløyvingar til E-136 Ålesund -Vestnes.

Vi får vente og sjå kva statsbudsjettet viser, men eg reknar med at Lien sine utsagn og lovnadar, berre er enda eit grep for å føre SP enda nærare sperregrensa ved at dette også sannsynlegvis berre blir enda ein gedigen bløff.

Men, vi får følge med på statsbudsjettet.

Galskapens akse Møreaksen havner sjølvsagt i ei skuffe, og all fokuser må no rettast mot auka prioritering og løyvingar til E-136 Ålesund-Bjorli, og på mange andre viktige vegprosjekt rundt omkring i heile fylket.

Vi i FrP vil fortsette å gjere det vi kan for å kutte drivstoffavgiftene, og sørge for meir kraftproduksjon og forutsigbare lave straumprisar.

Dette er det viktigaste no for å sikre arbeidsplassar til folk flest og såleis sikre hus og heim i heile Møre og Romsda.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal