Fyrst køyrer SP og AP økonomien i grus i fylket, kutter 100 million kr i vidaregåande skular, og så forsøker å framstå som skulane sin redning? Skam dokke SP og Henøen!

I 12 år har SP styrt fylket ilag med AP og MdG, berre siste åra har desse partia kutta ca 100 mill kr på vidaregåande skular og ikkje brydd seg om protestane frå blant anna skulane og FrP. No ser vi resultatet av «SP i praksis» heile 52 mill kr i underskot dreg skulane med seg frå 2023, og som dei no må kutte. Det nye fleirtalet med FrP, Høgre, KrF og Venstre har drevet fylket i 2 mnd, og det tek faktisk betydeleg lenger tid til å rydde opp etter SP og Henøen sitt økonomiske rot. Henøen kan ta det heilt ned ro, vi skal jammen klare å synleggjere kvar vi skal kutte, med bakgrunn i at vi har ein fylkesadministrasjon som framstår totalt handlingslamma.

Det er null problem å kutte alle dei vanvittige prosjekt, program og håplause tiltaka og selskapa som SP og Henøen har sløst vekk titals på titals med millioner av kr på. Det er sikkert god SP politikk med «byen som regional motor» gratulerer SP med haugevis av tømmerstokker i byen, som kun har ført til forargelse. Ellers er det heilt rett som Henøen beskriver, uten nye kutt som vi gjentatte gongar har beskrevet for vidaregåande skular, blir det større kutt andre stadar.

Det blir til dømes ikkje rom for noko «bonanza» innan samferdsel anna en det som alt er prioritert, pga at vi no må rydde opp i økonomien etter SP, AP og MDG. Dette betyr at antallø stillingar må ned av dei 133 som fylket overtok frå Statens vegvesen, slik er det berre. Kan ikkje fortsette å bruke stillingar på planlegging av områder vi slett ikkje har økonomi til på årevis.

«Bærekraft meg her og hubb meg der» , må berre kuttast raskast råd, når Sp og AP presterer å sløse vekk heile 10 mill kr i skandala ikring bærekraftssatsinga til Fylkeshuset as, trengst det ikkje vidare forklaring. Men, at SP i det heile er så frekk at dei åpner munnen, er verre. SP sin partileiar Vedum har sørga for fylkeskommunen sitt tidenes dårligaste rammeoverføring frå staten, der grunnlaget frå staten for 2024 er reelt lågare enn for 2023.

I tillegg har SP sørga for skyhøge drivstoffprisar som har auka med heile 28% sidan SP tok over i Finansdepartementet med Vedum, og skyhøge,straum, skattar og avgifte og ei rente som fyk til himmels, kneblar Møre og Romsdal fylkeskommune brutalt. Derfor kan SP og Henøen klokeleg vere pikkandes stille, og gå musestille i dørene. Dette partiet har null truverdigheit og vi opplever no tidenes verste distriktsfientlige regjering med SP i spissen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal