Saken er vel at vi er politisk ueinige, rett og slett. Ja, vi meiner firefelts innfartsveg var og er eit altfor stort inngrep i Molde. Det står vi for. Derimot meiner vi det er urealistisk å byggje større innfartsveg utan at det gjev meir biltrafikk, og det ønskjer vi ikkje.

Kollektivsatsing

Ålesund står som eit eksempel, fordi tiltaka dei har gjort for kollektivtrafikken har hatt stor effekt, trass i at det førebels ikkje er opna noko kollektivfelt. Ein har fått vekk hindringar for bussen gjennom å lage meir effektive haldeplassar og forenkla rutene, og ein har fått på plass innfartsparkeringar der parkeringsavgifta dekkjer bussbillett til halv pris. Så var det nok også lurt å gje gratisbillett på bussen dei to første månadene etter innføring av bompengar – vi menneske kan trenge hjelp til å endre vanar. Resultatet av endringane er ei solid auke i talet på bussreisande. Poenget vårt var altså ikkje at Molde skal gjere alt Ålesund gjer (vi ønskjer som kjent ikkje firefeltsvegar), men at det er mogleg å få til ei kollektivsatsing med andre middel enn det ein hadde planlagt på innfartsvegen langs Fannestranda.

Prioriteringskunst

Tenkjer ein at alle samferdselsutfordringar skal løysast med meir asfalt, så verkar det urealistisk med bilfri Storgate utan at ein samtidig investerer store pengar i tunellar og vegar. Auka vi har hatt i elsykkelbruk, og det Ålesund har fått til med kollektivt, viser kor viktig det er å tenkje nytt. Så er det vel ingen av oss som har alle dei ferdigsnekra løysingane klare. Når det gjeld Storgata, har vi føreslått eit kort strekke utan biltrafikk forbi torget. Det vil bevare parkeringsplassane for dei som treng dei, men fjerne gjennomgangstrafikken, og gjere det meir attraktivt å opphalde seg i sentrum. Vi treng å setje oss dei riktige måla, og tørre å prioritere mjuke trafikantar og kollektivtrafikk.

Tiltaka for gange og sykkel utgjorde ein liten del av Bypakka. Det som skulle gå til nye gang- og sykkelvegar, var langt mindre enn det vi i sum ville betalt i bompengar. Vi kan ikkje basere oss på ein modell der vi bygger store innfartsvegar for milliardar for å lage sykkelveg for millionar. Dette gir oss vegar vi ikkje treng, og sløser med både private og offentlege pengar.

For øvrig har MDG og SV som kjent ikkje fleirtal i kommunestyret, så det var fleire parti som måtte til for å få til fleirtalet mot firefelts innfartsveg – også Sp, Frp, R og ein Høgre-representant var med på det. Ein stor del av ansvaret som ligg til oss lokalpolitikarar er å tørre å seie nei når tiltakshavarar, i dette tilfellet Statens vegvesen, kjem med kostbare og velmeinte forslag som rett nok gjev statlege pengar i tillegg til omfattande bompengeinnkrevjing, men som drar Moldes utvikling i feil retning. Det var det dette fleirtalet torde.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal