Molde kommune har endeleg skjønt at finns grenser for kva ein kan gjere på Raudsand, men det måtte ein Statsforvaltar til før det gjekk inn hos det politiske flertalet og kommunedirektøren.

Fleirtalet i Molde kommunestyre vedtok å endre planbestemmingane i fjor haust, men ville ikkje samordne forvaltinga med kommunane Sunndal, Tingvoll, Gjemnes eller Møre og Romsdal Fylke. Statsforvaltaren har sagt stopp då dei foreslåtte endringane var så vesentlege at dei eventuelt må skje i ein ny reguleringsplan.

Vi huskar alle alt styret med hemmelege møter med meire før kommunalminister Astrup frå Høgre kunngjorde 6. mars 2020: «Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjente fredag reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand i Molde kommune. Reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand ble vedtatt av tidligere Nesset kommune i november 2018. Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunene Gjemnes, Tingvoll og Sunndal fremmet innsigelser til planen.»

Alt vi ba om i Raudsand saken var ein ny reguleringsplan slik at alle innbyggarane i Molde skulle få være med å bestemme og vi skulle få eit felles faktagrunnlag. Det fekk vi ikkje og det som fleirtalet av partia i Molde legg opp til no er å endre instruks vedtatt av kommunestyret to gonger.

SV fekk berre sin eigen stemme i teknisk styre denne veka  då eg foreslo at vi tek til etterretning at vi ikkje kan legge opp til teknisk saksbehandlingsfeil og at kommunestyrets vedtak om korleis vi saksbehandle saker om Raudsand oppretthaldast.

Mest merkeleg er det at dei andre partia stemte imot forslaget om at vi skal få ein ny reguleringsplan som vil skape forutsigbarheit og ro Sunndalsfjorden rundt. Men nye rundar kjem i formannskapet neste veke og i kommunestyret som bestemmer til slutt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal