Meninger →
Mindre eldreomsorg i Hustadvika!
Eit kjent sitat er slik:» Fordelen med å bli eldre, minkar med åra». Slik følte eg det då eg las innlegget i Romsdals Budstikke 12. april der ordføraren med fleire, skriv om det andre politikarar ikkje forstår og der eg også får kommentert mitt forkvakla syn på nedlegginga på Farstad, som eg etter å ha lese dette ikkje vert særleg forklåra av. Vonar veljarane forstår meir enn eg.