Eg er berre varamann til kommunestyret og var ikkje med på møtet der nedlegginga vart bestemt, eg hadde kome til å røyste mot nedlegging og føler,  at det er mi plikt å be om orsaking for dette urettmessige vedtaket, som gjorde at mange vart rivne opp med rot og flytte vekk frå heimbygda og til ein ny stad. Utan skikkeleg økonomisk grunngjeving og dokumentasjon på at det var tvingande nødvendigt. Slik gjer ingen som er rotfesta i Senterpartiets ideologi, etter mitt syn.

Det var til stor glede for meg å kunne lese i Romsdals Budstikke 14, mars at: Fleirtalet snur og vil behalde det omdiskuterte omsorgssenteret på Farstad. Etter vedtak om riving av omsorgssenteret og nybygging av omsorgsbustader på den same tomta til ein kostnad på 47,5 millioner kroner.

Eg høyrer også med blant dei som meiner at å gjere noko slik er rein økonomisk galskap, som må stoppast, før meir gale skjer. Dette er sløsing som best kan samanliknast med å kaste pengar ut gjennom vinduet.  Ein treng ikkje kjøpe inn økonomisk konsulent-kompetanse for å gjere dette reknestykket, om kva som lønner seg på Farstad.

Eg har erfart at  gjeldsbetjening skal dekkast i budsjettet  før ein har noko til  tjenesteproduksjon. Dette er noko av det vanskelegaste med å vere kommunepolitikar. Det som har berga mange frå for spenstige inveesterings-konsekvensane er at når valperiden er ute er også ansvaret og konsekvensane vekk, problema arvar neste kommunestyre. Slik varer ikkje ansvaret   lenger enn fireårsperioda for dei som er i kommunestyret. Konsekvensen vidare vert for dei som bur i kommunen og får eit dårlegare tenestetilbod på grunn av overinvestering, som ein ikkje hadde økonomi bæreevne til.

 Difor må ein alltid ha i minnet at all investering er med på å redusere tenestetilbodet, slik at det etter mitt syn var  ei alt for lettvindt økonomisk analyse, som låg til grunn for nedleggingsvedtaket på Farstad, der ei konsekvensanalyse også mangla.

Kva bør skje på Farstad. Eg meiner at alle har krav på så vel skule som institusjonsplass nærast råd der ein bur. Det har med trivsel og familekontakt å gjere når ein ikkje lenger er i stand til å ta vare på seg sjølv. Då har alle med heimel i kommunehelselova juridisk og rettmessig krav på dette 24 timar i døgnet, i den kommunen der ein bur’

Difor er eg så freidig å ha dekning i all sunn fornuft, med å meine at Farstad omsorgssenter snarast råd vert teken i bruk att og fylt til siste plass.Frå dei som ønskjer plass der og vidare  frå ventelistene i kommunen. Det er og varsla at ei «komenade eldrebølgje», som også gjeld Farstad og omkringligjane distrikt, slik at det er neppe problem med, at ikkje kapasiteten trengs og vil verte utnytta. Omsorgssenteret kan takast i bruk straks. Det står i dag tomt og unytta, og kan takast i bruk, utan at det trengs å investere ei einaste krone. Den nye investeringa kommunedirektøren har prosjektert vil då gje heilt nye plassar og utvide tilbodet i kommunen noko  ein veit ein treng meir av i framtida!

Kommunedirektøren vil eg rå til å ta kontakt med den vellukka stiftinga som er i området frå før og som har gjort ein imponerande innsats og bygd mange omsorgsbustader i området ved omsorgssenteret på Farstad. Difor vonar eg at han vil lukkast med eit slikt samarbeidsprosjekt og spleiselag.

Ei vinnarsak for alle. Ved å ikkje rive og behalde alle plassane vil ein auke kapasiteten så mykje som det vert plassar i dei nye omsorgsbustadane, som ein byggjer på nye  tomter på Farstad.

Då vil ein få ei god og ikkje minst verdig eldrepolitisk løysing og tilbod på Farstad, noko alle Senterpartiveljarar og resten som bur på Farstad har krav på og fortjener!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal