I lesarinnlegg etter møtet i Hovudutval for helse og omsorg 5. juni peikar han på at streaminga av møta våre blir sletta etter ti dagar. Det er heilt riktig, men grunnen han oppgir stemmer ikkje. Det er ikkje på grunn av dårleg lagringskapasitet på serverane til kommunen, men på grunn av reglane om universell utforming. Det er no krav til at alt som ligg på nett lenger enn ti dagar skal vere tilgjengeleg for alle, altså skal all tekst vere tilgjengeleg med lydopptak for blinde og svaksynte, og alle lydopptak, for eksempel streaming av kommunale møter, skal vere tilgjengeleg som tekst for dei som treng det.

Dette utfordrar kommunen. Å tekste alle møta krev store ressursar, og kommunestyret beslutta difor, i sak PS 16/23, at kommunestyremøta skal tekstast, men ikkje møta i formannskapet eller hovudutvala. Det var gjort forsøk med automatisk teksting, men dessverre var resultatet heller dårleg. I ti dagar kan altså alle som vil gå inn og høyre og sjå streaming av alle møta, før dei blir tatt ned frå nettsida til Molde kommune. Opptaka blir ikkje sletta, og det gis tilgang ved forespørsel. Kommunestyremøta blir teksta og vil vere tilgjengelege som før. Det er dessutan verdt å nemne at før pandemien var det kun kommunestyremøta som vart streama.

Dette var grunnen eg oppga i møtet måndag 5. juni. Dette kan de, i ti dagar, sjølv gå inn og sjekke. Det vart omtalt i sak PS 15/23, frå ca 04:56: "For det som er bestemt no er jo det at streaminga, altså vi blir streama, men det skal slettast etter ti dagar fordi at det … altså vi har ikkje kapasitet til å tekste det, rett og slett. Og då kan det ikkje ligge ute, på grunn av noko … sikkert EU-reguleringar, sikkert." Litt upresist sagt, kan hende, men det er tydeleg kva som er grunnen.

Det er ingen av oss som er fornøgde med dette. Som Berge heilt riktig peikar på gjer dette at det blir vanskelegare å gå attende for å sjå og høyre kva som eigentleg var sagt og gjort, men som kommune må vi rette oss etter dei lovane og reglane vi blir gitt, i dette tilfellet EUs webdirektiv.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal