Etter SV si meining går det ikkje an å gå inn for å bygge Møreaksene, og samtidig snakke om å vere «berekraftfylke».

Vi vil gjere det vi kan for å stanse Møreaksen og dei naturøydeleggande overdimensjonerte motorvegprosjekta i gjeldande NTP i budsjetteringsprosessen, så vi ikke låser oss for 40 år i eit transportsystem som strir mot viktige regionale og nasjonale klima og miljømål. Samfunnsnytten av å skrote Møreaksen burde vore utgreidd.

Det er ikkje tvil om at Møre og Romsdal har fått alt for lite av vegpengane, men å bruke minst 24 mrd. på dette prosjektet er heilt feil prioritering om ein vil skape ei berekraftig framtid. Difor bør ikkje prosjektet finansierast men leggast på is til fordel for vedlikehald av fylkesvegane, utsleppsfrie ferjer og fastlandssamband der det ligg til rette for det med oversjøiske bruer. Der er ei lang liste over fylkevegar som skrik etter vedlikehald, og som det haster å få gjort noko med.

Å planlegge for meir pendling med privatbil, auka energibruk frå ein djup tunnel tilsvarere ein fjellovergang og breie vegar gjennom myrer og naturmiljø er ikkje framtidsretta. Det er ein plan for ikkje å nå klima og miljømål nedfelt i regional planstrategi. I tillegg er det ein plan for å bryte prinsippet i Hurdaslplattforma om at klima og natur skal legge premissane for all poltikk.

«Arealplanlegginga på land skal bidra til strengare jordvern, meir naturmangfald, sikre kulturminne og kulturlandskap og bidra til å auke naturen si karbonlagring»

Regional planstrategi Mål nr.2 Miljøfylket

Utbygging av Møreaksen vil gi motorveg opp Solnørdalen. Den vil skjere gjennom dalen med verna vassdrag og myr, og videre inn i dei myrlendte områda på Ørskogfjellet. Vegen kjem i tillegg til den eksisterande vegen over Ørskogjellet . Ein veg som med små utbetringar hadde vore heilt ok for framtida. Naturområder rundt Molde vert lagt under asfalt. Folk langs traseen til Møreaksen fortviler over den belastninga ny veg vil påføre av støy og barrierer i nærmiljøet.

Vi venter at ord om miljø, klima og natur i regjeringa si poltiske plattform og fylket sin regionale planstrategi vert fylte med innhald, difor må Møreaksen stoppast.

Birgit Oline Kjerstad

Stortingsrepresentant SV

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal