Med andre ord, dumt å kaste «stein i glasshus» når ein faktisk ikkje har bevist i praksis at vidaregåande skoledrift var viktig når MDG faktisk var ein del av fleirtalet og styrte fylkeskommunen.

Dagens fleirtal med FrP, Høgre, KrF og Venstre har ved to anledninger vedteke at tjenesteproduksjonen skal skånast i rasjonaliseringa av fylket.

Dette både i budsjettvedtak i desember og no mandag i fylkesutvalget der vedtake lyder:

«Fylkesutvalget forventar at fylkeskommunedirektøren har satt igang rasjonalisering av drifta frå årets start, der rasjonalisering og kutt blir gjennomført, slik som prosjekt, program,samt administrasjon, og i drift til områder som fører til minst mulig kutt i tjenesteproduksjonen. Dette bør synliggjerast som f.eks at det ikkje skal brukast til kutt av vikar i skulane som direkte rammer elevenes kvardag»

Dette er verken «dobbeltspill» eller noko anna, men konkret og solid prioritering.

At nokon forsøker å gje dagens fleirtal skulda for at enkelte skular har meirforbruk i 2023 og må dekke inn dette, etter økonomiregelverket som også MDG har vore med på å vedteke, får sikkert gå på at Jonas Maas Nilsen er ny i politikken og har sikkert ikkje sett seg inn i dette.

Eg står fortsatt fast på mine ord, om at skule skal skånast ifrå kutt som rammar tjenesteproduksjonen, dersom no fylkeskommunedirektøren faktisk gjer det ho er pålagt.

Så høyrer det med til historien at dei økonomiske grunnlaga til fylkeskommunen har aldri vore verre frå regjeringa enn i år, med ein realnedgang i overføringene med negativ effekt på fleire hundre mill kr.

Korleis MDG har tenkt å dekke inn dette veit ikkje eg, men det blir sikkert eit eller anna klima eller miljøhysteriet som sikkert skal redde dette også vil eg tru.

Her er jaggu nok å rasjonalisere i fylkeskommunen innan mange ikkje lovpålagte områder slik som dyre prosjekt, program, administrasjon og områder som ikkje går direkte på tjenesteproduksjonen.

Vist skal samferdsel ta sin del, og det er nok her det er lettast å ta ut mengder med stillingar som var overført frå STVV for nokre år sidan, og dette området må også rasjonaliserast.

Derimot trenger ein ikkje kutte i viktige samferdselsområder som fleirtalet no prioriterar, slik som ferjedrift, meir asfalt og trafikktrygging.

Dette er viktig for vanlige folk og næringslivet og FrP og fleirtalet leverer det vi gjekk til valg på.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal