Det har vert både krevjande og interessant å sitte i posisjon dei siste fire åra. Når fem parti skal drøfte og komme fram til dei beste løysningane er det slett ikkje alltid ein føler seg verken sett eller lytta til. Likevel har Rauma Arbeiderparti fått gjennomslag for mykje desse åra, men og vert med å stemt ned ein del forslag som me har sett på som lite relevante og unødvendige.
Som kommunepolitikar må du sjå både heilheit og detaljar og utifrå det komme fram til gode løysningar. Av og til får ein gjennomslag, av og til kompromiss og av og til blir ein stemt ned.
Pilene peker oppover: – Nå kan vi tillate oss å drømme igjen
Det er ikkje lett å summere opp blant hundrevis av saker som har vert til behandling gjennom fire år, men denne perioden har vi blant anna:
· Fått tilsett miljøterapeutar i skulen
· Prosjekt Sosial Arena og LOS er inne ved Åndalsnes ungdomsskule
· Ulike vedtak i forhold til at leksehjelp skal være eit tilbod for alle (1.-4.trinn) og at både kommune og fylkeskommune må tenke smidigheit/rausheit i forhold til skyss heim frå leksehjelp/skule
· Finansiering av ny ordning med ettergjeving av eigedomsskatt til dei som har minst
· Barnetrygd skal ikkje reknast inn som inntekt ved sosialhjelp
· Evaluering av parkeringsordninga på nytt våren -24
· Bidratt til at Vii -Astero Rauma er i gang
· Vedtak som gjer at veglysa ikkje vart slått av langs skulevegane
· Vedtak om at skulestrukturen skal ligge fast dei neste fire åra
· Revidering av kommunens beredskapsplan
Bedre kommuneøkonomi ved tett oppfølging og ulike tiltak
Rauma kommune er blitt berekraftig reisemål
Barnehage, skule og omsorgssenter i Måndalen
Tindesenteret er blitt besøkssenter
Helse- og omsorgstenestene har blitt tilpassa i tråd med behov og økonomi
Igangsetting av utbetring langs E-136 (Veblungsnes og oppover Romsdalen)
Meir godstrafikken på Raumabanen
· Fokus og tiltak på heiltidskultur
Breiband samarbeid med Rauma Energi
· Næringsareal i Nesstranda
· Tilrettelegging for boligfelt i Haugan 2
· Klima-og miljøplan
· Trafikksikkerheitsplan
· Boligsosial plan
· Tomtekampanje både på nordsida og sørsida av kommunen
Lista er sjølvsagt ikkje utfyllande, men det er iallfall eit lite innblikk i kva vi jobbar med i dei ulike utvala.
Rauma Arbeiderparti gler seg til å ta fatt på neste periode og vi skal som folkevalde gi alt for innbyggarane våre og næringslivet vårt. Godt val!
Trygg og sikker veg, eller fortsatt et liv med risiko, spenning og venting?
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal