For å lage ein slags vits av det heile, hvis foreldre nedsylta i to fulle jobbar, med frivillige treneransvar på ettermiddagen, fleire barn å følge opp, etc etc, har tatt seg tid til å protestere såpass systematisk, er det ramme alvor, Molde kommune. Vi har stort sett ikkje blodtrykk til å vere såpass sinte. For den tristessen som foregår i innsparinger i skulane i Molde gjør at eg som innflytter på 13.året vurderer å flytte og ta med meg mine tre små framtidsmoldensarar til ein stad der barn er meir prioritert. Trusler til side, trusler er også noko som oppstår når ein vert desperat nok.

Eg har gjennom barna mine, som eg no snart har hatt i 13 år, sett dei gjentatte innsparingane. Eg nikka gjenkjennende til Pål Virums innlegg om nesten årlege tap av vaksne hender i møte med barnegruppa under mine barns oppvekst i kommunen. Som fagperson som dagleg jobbar med førebyggjande tiltak i skule/barnehage har eg grubla på kva det kunne spart oss for om kommunene bruka meir pengar på barna og slik framtida. Og dette ser eg gjenspeglar seg i den behandlende delen av jobben min. Barn og ungdommer som sit i samtale her, nedstemte og redde og med selvbilder som går i oppløsning. Eg prøver å plastre, men trur at løsninga ligg i arenaen der barna er mesteparten av tida si, at skulen og oppvekstmiljøet er der det skjer, der dei dannar tilhørighet, trygghet til å ta imot læring, lærer seg forventningar til samfunnet og andre, på godt og vondt, det er der det trengs mest voksenkapasitet slik at alle blir sett. Det er rett og slett potensielt for dyre plaster eg plastrar! Eg kan ikkje sitte å plastre dyre plaster og samtidig stilletie om nye kutt. Tilhørighet og trygghet og nok vaksne er ikkje berre fine ord. Det er biologi , det er irreversibel utvikling av neste generasjon vaksne og ansvarlege, og systemet kan ikkje overse dei forutsetninga biologien set for utviklinga til eit gangs menneskje!

Ei venninne som jobber med behandling av rusavhengighet hos voksne, gjorde ein betimelig samanlikning her ein kveld: Tenk hvis det blei brukt like mange ressurser i skulen som det blir brukt i behandling av rusavhengighet, det hadde vore noko. Det er altså større voksentetthet i behandlinga av rusproblem enn det er i møte med barna. Standarden vi set for skulen er antagelig alt for låg. Det er jo bra for eit voksent menneske som er avhengig av rus, med høg tetthet av hjelpere, og det trengs, men hvis vi erkjenner hjernens formbarhet i barneåra versus den voksne hjernens potensiale til å endre seg (som altså er mikroskopisk samanlikna med barnets mulighet) er det eit paradoks. Og dette paradokset koster det enorme summer at vi ikkje tar inn i dei økonomiske vurderingane i kommunen. Og spør vi kva som har skjedd dei som ruser seg da dei var små, så kan dei fortelle om skulegangen sin og mangelen på trygge voksne som ein nokon gonger medvirkende faktor i deira tragiske enkeltsjebne. Skulen bufrer potensielt ei dårleg utvikling, hvis forhold heime tilseier at det skal gå galt. Til saman dannar enkeltskjebnene eit stort omfang av økonomiske og personlige tragedier, av utenforskap, mobbing og utrygghet som gjør at vi sitter igjen med kjemperegninger i andre enden av forespegla budsjettkutt.

Eg tenker på læreren. Og dei enorme oppgavene vi legg på eit menneske. Eit menneske som treng rett kompetanseheving og fleire vaksne rundt seg for å gi barna det dei treng. Tenker på kor lett vi synest å ta på sårbarhet i dette omsorgsfulle landet. Kor lett vi tar på relasjoner. Kor få voksne det skal være rundt barna våre, kor lite informerte dei kan vere dei voksne som er der, kor sjølvlærte og ureflekterte vi tillater at dei er, kor tilfeldig det blir om dei er egna til verdens viktigste jobb. Denne tendensen til å ta lett på det synest å gå igjen i alle institusjoner vi tilbyr. Ein evig kamp mellom fagfolk som ser kva som trengs og økonomiske innsparinger av enorme dimensjoner. Kor effektivt sjukdom på sjukehus skal være, kor lite tid den fødende skal få med jordmora. Eller for den saks skuld dei gamle, at dei som skal hjelpe har stoppeklokker med seg så hjertet må avslutte tida på besøk før hjertet vil og skjønner at trengs av tid. Korleis alt er tilrettelagt i store gåseøyne, for livet på midten og på topp i produksjon og i sin beste alder, at dei voksne menneska skal drive på så avstengt som mogleg, frå alle dei små, redde, sjuke, flyktande, traumatiserte, fødende, døende, gamle. Kva skal vi med gode budsjett om der ikkje er tilstrekkeleg klokskap og varme? Godt meint det meste antageleg, mykje tenkt om lønnsomhet, men ofte for lite intuitiv og varm forståing av kompleksiteten i antallet ansatte i skulen.

Eg sit og gruer meg over at eg trur dette kan bli til sjølve “allmenningens tragedie”- fenomenet at kvar enkelt byrjar å trekke opp sin eigen stige, som til slutt slår tilbake på alle saman. For eksempel at eg blir så uroa for konsekvensen for MITT BARN av å gå på denne forringa skulen i Molde, slik at eg og andre foreldre med ressurser starter på ein prosess med å privatisere desse tjenestane, som kan slå tilbake på oss alle, med økte forskjeller og økt dårlig utvikling for dei mest marginaliserte. Ingen er trygg av at fleire vert marginalisert, da øker utryggheten for oss alle må vite, om samfunnet som heilhet blir meir aggressivt og umodent.

Velferdsstaten må lytte vel når mange nok seier «dette finner vi oss ikkje i», slik som no med samtlige FAU i Molde kommune. Det er altså tusenvis av foreldre som står og roper her no. På ein eller annan måte burde vi klare å betre ordlegge verdien av relasjon. Størrelsen relasjonen har både økonomisk og sosialt og eksistensielt, for både stat og alle dei som er flokken i staten. Eg håpar Moldes politikarar er klare for dette skiftet, der dei ser denne verdien. At dei kan klare å sjå kostnaden av enda fleire kortsiktige innsparingar i si beslutning.

Sjølv om mange av oss foreldre er for slitne og har for få ledige kveldar til at vi får vere med når beslutninga vert tatt, slik vi grunna viktigheten av barns hjerner ikkje har tid til å sitje i kommunestyret, så ber vi dykk som representerer oss gjennom valg, om å hugse både oss og barna våre.

Innlegget blei først publisert på Marie Midtsund si eiga Facebook-side. red anm

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal