Eide og Omegn FK
0 - 5
Molde
ons 10. apr 18:00 Eide kunstgress
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Eide og Omegn og Molde. Det er duka for 1. runde av Noregsmeisterskapet på Eide stadion!
Vesle Eide og omegn får storfint besøk av regjerande NM-meistrar Molde i kveld. Eide kunstgress i Hustadvika er klart for fotballfest, sjølv om vêret set ein liten dempar på det. I skrivande stund er det meldt frisk bris og vindkast på 19 meter i sekundet, i følgje yr.no.
Desse to laga møttest i 1. runde også i 2019, og den gongen måtte Eide og omegn gje tapt med 0-5. Framføre 1010 tilskodarar fekk heimepublikummet sjå Leke James og Eirik Ulland Andersen score henhaldsvis to og tre mål kvar.
Ole Martin Halås starta kampen i 2019 på midtbana for Eide og omegn, slik han gjer også i dag. Eide sin nummer 8 er nok som ei ekte klubblegende å rekne, og han er no inne i sin 11. sesong på rad for klubben. Han har faktisk vore innom Molde også, der han enda opp med kampar for Molde 2 og Molde U-19.
Namnet til Eide og omegn sin hovudtrenar ringer nok også mange bjøller for dei med Molde-hjarte. Ole Bjørn Sundgot var ein av dei tre S-ane som herja på 90-talet, i lag med Solskjær og Stavrum. I 1994 vart han også noregsmeister med klubben.
4. divisjon har ikkje starta opp for Eide og omegn endå, men i kvalifiseringa til NM har dei i alle fall fått vinnarkjensle og putta bra med mål. Åndalsnes blei først slått 6-4, før Dahle blei slått 3-2.
Molde ligg på si side øvst på Eliteserie-tabellen, etter 4-0 mot Strømsgodset i 1. runde og 1-0 borte mot HamKam i helga.
Kampstart
2' Heimelaget legg seg djupt og let Molde trille ball. Eit ungt og nykomponert Molde-lag i dag, men innbytarbenken luktar det svidd av.
2' Innlegg frå høgre blir blokkert. Corner.
2' Hjørnespark til Molde
4' Stenevik trillar ball inn frå høgre, men målvakt Gujord plukkar lett.
5' Småskummelt innlegg i Eide og omegn si boks. Raudtrøyene får blokkert, men Molde held fram med å presse.
6' Heimelaget ligg med alle mann på 19-20 meter og inn.
6' Så prøvar vertane å kontre, men Sæther blir stoppa raskt.
8' Øyvann chippar inn i boksa, men avslutninga frå bortelaget går over mål. Kampens første forsøk, det.
9' Så kjem det eit innlegg frå Molde si venstreside. Langt utanfor farleg område.
10' Raudtrøyene er oppe og yppar seg litt, men dei regjerande meistrane ryddar opp utan altfor mykje stress.
13' Ny chip i bakrom frå bortelaget. Gujord kjem raskt ut og plukkar ballen.
15' Molde ropar på straffe etter at målvakt Gujord kjem ut og taklar både ball og mann. Domar Mathias Kringstad let uansett spelet gå.
15' Hjørnespark til Molde
16'
17' Molde rullar bra opp og slår inn frå høgre. Heimelaget gir til corner.
18' Hjørnespark til Molde
19' Bra powerplay frå Eliteserie-laget, men samtidig brukar Molde-spelarane mange berøringar og tempoet er ikkje altfor høgt.
22' Haugan prøvar seg med eit skot. Blir blokkert til corner.
22' Hjørnespark til Molde
22' Hjørnespark til Molde
23' Ny hard takling på ein Molde-spelar, og like utanfor boksa. Domar Kringstad nøyar seg med å gje corner i staden. Har lagt lista høgt.
23' Hjørnespark til Molde
24' Roaldsøy skjer innover og avsluttar, men forsøket går rett på målvakt Gujord.
26'
28' Plutseleg skjer det litt i Molde si boks i det heimelaget kjem på ein sjeldan visitt. Ein sleivete klarering går i brysthøgde til keeper Posiadala, og den polske debutanten bommar skikkeleg på klareringa. Dessverre for Eide og omegn får Molde rydda opp.
28'
30' Bakke med innlegg frå høgre, men vinden tek tak i kula og sender den i nevane til Gujord. Har fått mykje ballkontakt hittil, vertane sin keeper.
30' Hjørnespark til Molde
32' Molde får frispark like utanfor heimelaget si boks.
32'
34' Hjørnespark til Molde
36' Her er det lurt å halde ballen mest mogleg på bakken. Ved fleire tilfelle har vi sett at vindkasta har ført ballen langt av garde.
36' Botten kjem til heimelaget si første avslutning. Posiadala ligg nede og reddar greitt.
38' Granaas prøvar å spele igjennom Stenevik, men heimelaget sitt forsvar er påskrudde og får rydda opp i situasjonen.
39' Stenevik bankar hardt inn frå høgre, men innlegget fyk forbi alle.
40' Ein Molde-spelar taklar eit slags skot som dalar ned i klypene til Gujord.
41' Vi nærmar oss pause her på Eide stadion. I oppgjeret i 2019 leia moldensarane 3-0 etter dei første 45 minutta.
42' Heimelaget prøvar å presse høgt, men Roaldsøy beheld roa, før han blir takla bakfrå og får frispark.
43' Granaas blir felt utanfor boksa. Frispark i god posisjon.
44' Bakke skyt eit godt stykke utanfor.
45' Pause
Det står 0-0 til pause etter første omgang på Eide stadion. Molde har hatt ballen det meste av tida, og heimelaget har så vidt vore over midten. Erling Moe sitt lag har skapt tre gode sjansar, men ein må likevel kunne slå fast at det har vore skuffande det Eliteserielaget har vist så langt. 4. divisjonslaget Eide og omegn har forsvart seg godt, og sisteskanse Joakim Gujord har vore plettfri. Molde har derimot mange sterke namn på innbytarbenken, så om dette held fram varer det nok ikkje lenge før vi får sjå nokre endringar. Vi gler oss til 2. omgang!
No står begge laga klare her. Molde skal gjere ei endring.
45' 2. omgang
45' Spillerbytte Molde - Isak Amundsen går på, Isak Amundsen går av
46' Molde held fram med å trille ball.
48' Heimelaget torer å presse litt høgt, og blir belønna med frispark i god innleggsposisjon.
49' Frisparket blir slått inn i feltet, men avslutninga går berre rett på Posiadala.
50' Hjørnespark til Molde
50' Gujord kjem ut og plukkar eit innlegg.
52' Innlegg frå Løvik frå venstre, men nok ein gong er Gujord ute og fangar ballen. Ein prikkfri kamp hittil frå målvakta. Utruleg at han berre er 18 år.
54' Heimelaget vinn ballen høgt i bana, men får frispark imot. Kunne ha blitt farleg, det.
57' Eirik Haugan bankar til frå distanse. Høgt, høgt over mål.
58' Veteran Halås prøvar å slå i bakrom, men ingen i raudt luktar den.
59' Bra Molde-sjanse. Avslutning frå kort hald, men Gujord er på plass.
60' Mål for Molde, Aaron Samuel scorer!
64' Mål for Molde, Gustav Nyheim scorer!
67'
68' Nyheim får avslutta på mål, men Gujord stoppar forsøket.
68' Nytt innlegg frå Molde si høgreside. Går forbi alle i feltet og til utspel.
71' Heimelaget prøvar å drage i gong ei kontring, men Lund ordnar opp med ei solid takling.
72' Spillerbytte Eide og Omegn FK - Torjus Houck Egseth går på, Torjus Houck Egseth går av
74' Mål for Molde, Sondre Granaas scorer!
75' Spillerbytte Molde - Leon-Robin Juberg-Hovland går på, Leon-Robin Juberg-Hovland går av
76' Molde held fram med å presse her, slik dei har gjort i samtlege 75 minutt.
77' Spillerbytte Molde - Emil Breivik går på, Emil Breivik går av
78' Innkast høgt i bana for heimelaget.
79' Blir stussa bakover, men Molde beinar ballen unna.
80' Posiadala kjem ut og fangar ballen. Er definitivt den med færrast ballberøringar i dag, polakken.
82' Heimelaget får ha pittelitt meir ball no. Jobben er uansett gjort av Molde.
82' Skot frå distanse frå gjestane. Gujord reddar unna.
83' Så prøvar Granaas seg frå utanfor boksa. Heimelaget si målvakt er nok ein gong på plass og reddar.
84' Nyheim prøvar å plassere ballen frå utanfor boksa, men forsøket går godt til side for mål.
84' Spillerbytte Eide og Omegn FK - Lukas Svenøy Storvik går på, Lukas Svenøy Storvik går av
85' Spillerbytte Eide og Omegn FK - Jakob Martinus Solli Vassgård går på, Jakob Martinus Solli Vassgård går av
86' Jensen prøvar seg. Via eit Eide-bein og til corner.
86' Hjørnespark til Molde
87' Mål for Molde, Leon-Robin Juberg-Hovland scorer!
89' Hjørnespark til Eide og Omegn FK
90' Moldensarane kjem på nok ei opprulling, men blir avvinka for offside.
90' Eide og omegn med innlegg frå høgre. Trillar inn til bakerste mann hjå dei regjerande noregsmeistrane.
90' Mål for Molde, Emil Breivik scorer!
90' Kampen er slutt
Molde tek seg fortent vidare til 2. runde av NM etter at det til slutt enda 5-0 mot Eide og omegn. Heimelaget gjorde ein formidabel jobb defensivt, og klarde å parkere bussen utan å sleppe inn mål i ein times spel. Men etter at dei regjerande NM-meistrane først fekk hol på byllen ved Samuel, så kom det raskt fleire scoringar også. Resultatet blei til slutt det same som førre gong dei to laga møttest i 2019. No blir det spanande å sjå kven Erling Moe og co møter i neste runde. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!