– Vi har vore kjempespent, sidan veret har vore skikkelig ruskete. Vi har sjekka Yr kvart femte minutt, trur eg, men var optimistar og det med rette. Regnet stoppa og endeleg fekk vi nok vind, seier ein fornøgd arrangør Aud Lisbeth Lillebostad.

Som leiar i Eining for Innvandring og Integrering i Aukra kommune, og leiar i Røabukta Velforening, har ho halde tråden i årets Drakefestival, der spørsmålet heile tida var om veret skulle legge hinder i vegen for gjennomføringa.

Stang inn

– Vi kan seie det blei stang inn. Dei første deltakarane møtte opp på Røaleira på søndag klokka 11. Då høljeregna det og vinden var altfor sterk til å flyge, så dei kosa seg i teltet med kaker og kaffi medan dei venta på bedre forhold. Det tok ikkje lange stunda for sola tita fram og vinden stilna nok til at det vart perfekte flygeforhold, fortel ho.

Med 45 deltakarar på drakeverkstad på Falkhytten laurdag, var nok talet noko mindre enn åra før.

– Det kan nok vere fordi vi måtte flytte arrangementet ei veke fram og fordi mange var skeptisk på veret. Vi håper på bedre oppmøte neste år, seier Aud Lisbeth Lillebostad.

Dei som møtte opp, fekk lære å lage solide slede- og kassedragar, under kyndig veileding av Sveinung Dybvik frå Sola Drageklubb. Han har vore tilstades på alle dei fire Drakefestivalane som har vore arrangert på Gossen, og kunne også bidra med triks og knep i heftig vind på Røaleira søndag.

Ønsker også eldre barn velkomne

– Det er interessant å sjå at det hovedsakleg er barn i barnehage- og førskolealder som deltek på desse kursa. Eg har halde på i 30 år og skulle ønske at fleire av dei litt eldre barna også kunne bli med å lære både å bygge og flyge drake. Men ein ser at barn sjeldan spør lenger – og dette er jo ein aktivitet der ein må erfare og lære ved å prøve og å spørre, seier han.

På leira var det litt meir glissent enn tidlegare år. Men dei som var der, skein som sola og skrytte av maksimale flygeforhold.

Iris og Isak Reset Holmen var med for første gong og synes det var kjempekjekt. Dei sjølvlaga drakane deira flaug høgt og langt, medan pappa Stian Gabrielsen Holmen held eit lite auge med teknikken.

– Kjempekjekt! Eg laga denne slede-draken på verkstaden i går. Det er artig å sjå at den flyg, sjølv om det blir litt tungt å halde av og til, fortel Iris, med blikket stivt festa på ein drake med eit stort hjerte på, høgt oppe på himmelen.

«Mannevond» drake

Elias Huse Eikrem hadde med seg kona Jannicke og dei to barna Kamille (5) og Tobias (1) på Røaleira og baksa skikkeleg med ein drake som slett ikkje ville opp i lufta.

– Eg hadde endeleg sett av tid til å bli med kona og dei to barna på drakeverkstad, men enda opp med ein «mannevond» drake som berre spinn. Dermed måtte vi finne fram den kona laga i fjor. Den går kjempefint! Ler han.

– Vi hadde egentlig ikkje tenkt å gå, sidan veret såg litt ustabilt ut, men dette er jo kjempemoro! Skikkelig flyge-ver! La han til.

Kontinuitet

– Vi har i alle fall fått all den vinden vi har sakna før om åra, ler Aud Lisbeth Lillebostad.

– Vi er godt fornøgd med frammøtet. Om lag 45 på drakeverkstad, 100 på leira og fleire som kom berre for kaker og kaffi, fortel ho.

– Vi ser at vi har fått kontinuitet i å arrangere Drakefestival, men neste år prøver vi å legge den til den helga den opprinneleg skulle vere – første helga etter skolestart, lovar ho.