AUKRA: Med stolpetru på sild som ein viktig matressurs, sa Jon-Ragnvald Sporsheim frå seg ein sikker jobb offshore, fekk med seg den heimflytta storesøstera Hanne-Cecilie, klargjorde dei 900 kvadratmetra med fabrikklokale i Juvika på nordsida av Gossen og stålsette seg.

I mars godkjende Mattilsynet lokala, som har tilhøyrt Sporsheim-familien gjennom 90 år, og i desse dagar rullar søt, spiseklar sild ut i butikkane i regionen med stadig aukande fart.

Tradisjonsrik

Det var bestefar Ragnvald Sporsheim som i 1928 starta sildetilverkingsbedrifta «Firma Ragnvald Sporsheim» på nordsida av Gossen. I Juvika, med utsikt mot Bjørnsund og Bud, med dei vakraste solnedgangane ein kan tenke seg og med pittoreske sjøbuer og vêrharde kaier, vart fisken brakt inn frå fiskebankane. Det vart ein naturleg stad å starte med sildetilverking.

Alt låg til rette

Sidan har sild vore familien Sporsheim sin identitet, gjennom tida med «Møresild», som var merkevara på 80-talet då familieverksemda heitte «O. Sporsheim AS», og fram til i dag. Etter ei pause frå 2006 til 2017, ønska søskena Sporsheim å føre familiearven vidare.

– Lokala og produksjonsutstyret stod der, vi har vakse opp i Juvika og har delteke på sildetilverking tidlegare, så det ligg vel i blodet, forklarer Hanne-Cecilie Sporsheim. Saman med mann og to barn flytta ho heim til Juvika og Gossen frå Oslo sommaren 2016.

Veslebror Jon-Ragnvald sa samstundes opp ein sikker jobb offshore for å verkeleggjere draumen om å føre familieverksemda vidare. Oppskriftene har dei, men også innsyn i moderne kvardagar med rask mat og endra matvanar.

– Vi laga ein prøveproduksjon og sende ut smaksprøver til etablerte fiskeforhandlarar i november i fjor. Tilbakemeldingane var svært gode og vi fekk den bekreftelsen vi trengde. Vi starta med å lage nettside, deretter produserte vi 2-kilos spann for grossistar og fiskehandlarar, fortel Jon-Ragnvald, som er produksjonsansvarleg.

– Vi hadde også stand på Aukradagen, og vart heilt overvelda over oppslutninga! Vi delte ut over 400 smaksprøvar, køen framfor boda var konstant og vi selde ut alle pakkane med sild som vi hadde med, fortel ei ennå overvelda Hanne-Cecilie Sporsheim, som har ansvar for marknadsføring og design.

Næringsrik

I juli kom mindre forbrukarpakningar med Juvik-sild inn i butikkane til Bunnpris og Coop i Møre og Romsdal, og målsetninga om å få fleire til å ete sild ser ut til å fungere.

– Vi prøver å vise kva ressurs silda faktisk er, og kor næringsrik den er. Den inneheld dei viktige Omega 3-feittstoffa, den er protein-rik og inneheld både kalsium og vitamin A, D og E. I tillegg har vi gjort silda brukarvenleg og tilpassa eit moderne samfunn der alt skjer veldig fort. No er silda spiseklar – ein treng ikkje planlegge i fleire dagar for å ha sild til middag. Og vi har forska på mange spennande smakssamansetnader. I dag leverer vi spekesild, kryddersild, ingefærsild og chilisild, i tillegg til oppskrifter på spennande rettar med sild, fortel Hanne-Cecilie Sporsheim.

Entusiastar

At entusiasmen for sild ligg i botnen for nysatsinga er det ingen tvil om. I dag hjelper tre generasjonar til med å få varene ut til forbrukarane. Målet er å etablere arbeidsplassar på sildetilverkingsfabrikken i Juvika.

– Dette er vår lokale ressurs – den finst like utanfor stovedøra vår, og likevel eksporterer vi den, i staden for å ete den sjølv. Det vil vi gjere noko med. Vi ønsker å få fleire nordmenn til å ete sild igjen, fortel storesøster Sporsheim.

I september deltek Juviksild på den store matmessa «Matsreif» i Oslo.

– Om lag 230.000 personar brukar å besøke denne messa. Då håper vi fleire vil stifte kjennskap med silda vår og at vi får knytt enda fleire kontaktar for å få silda tilbake på norske bord, seier dei to søskena Sporsheim i Juvika på Gossen