Frå torsdag til laurdag går det slag i slag, for dei som er sprek startar dagen med tur til fjells for å opne den nye Jensbu.

Gapskratten revyfestival er eit samlingspunkt for folk med godt humør og som likar å glede andre. Den starta opp i 1996, inspirert av Norsk revyfestival på Høylandet. Årets festival er det tolvte i rekka i Tresfjord.

Hit kjem det revyfolk frå heile Møre og Romsdal og mange frå Trøndelag. Samarbeidet med trønderane har ført til mange vennskap, ein slik Tresfjord-venn var Jens Rønning frå Stjørdal. Han deltok på revyar og besøkte også Tresfjord ved andre høve.

Minnesmerke

På ein fjelltur i Tresfjordfjella i mai 2002 mista han livet. Dette gjekk sterkt inn på vennane i revymiljøet, og Terje Øvstedal la fram tanken om at dei skulle minnast Jens Rønning.

Resultatet vart ei handlafta hytte på toppen av det 861 meter høge fjellet Storskorkja. Den står no ferdig og har fått namnet Jensbu. Torsdag klokka 10 startar turen frå Øvstedal opp til fjelltoppen, der broren til Jens Rønning skal stå for opninga fire timar seinare.

– Jens hadde deltatt på Gapskrattfestivalen sidan starten i 1996. Dette er vår måte å minnast han på. Mange har stått på for å få hytta ferdig til den 4. juli, det klarte vi. Hytta blir både eit minnesmerke og ein møteplass, seier Terje Øvstedal til Romsdals Budstikke.

Allsidig program

Nede i bygda på fleirbrukshuset ved Tresfjord skule er det førestillingar både torsdag og fredag med 17–18 innslag kvar gong før den store finalen laurdag.

– 100 deltakarar stiller på scena. I salen er det plass til 500. Vi lovar tre dagar med mykje moro og håpar på fulle hus, seier festivalsjef Bjørn Inge Olsen. Roy Aron Myklebust frå Stryn er «Artist in residence», eller årets gaptrast som det heiter i Tresfjord-sjargong.

Det blir delt ut fem prisar, festivalen er også kvalifisering til revy-NM på Høylandet neste år.

Under festivalen blir det også revykurs for barna og ulike andre aktivitetar, og ikkje minst sosialt samvær med festivaltelt. Arrangementet startar allereie onsdag kveld med kyrkjekonsert i Tresfjord kyrkje.

Då vi besøkte revyfolket torsdag kveld, var det full aktivitet med rigging av scene og sal. Alt er under kontroll, vêrgudane ser også ut til å spele på lag.

– Set Tresfjord på kartet

Gapskrattfestivalen betyr mykje for bygda, den har vore med og sett Tresfjord på kartet, meiner Terje Øvstedal. Han er veteran i revymiljøet, etter ein liten pause stiller han no igjen på scena saman med revyvennar frå Vestnes og Rauma i det nye Romsdalsnes revylag.

Gapskrattfestivalen blir arrangert annakvart år. Dei første åra var det i sirkustelt, det kunne vere spennande når vinden røska i teltet. Etter at Tresfjord skule vart utbygd med fleirbrukshus, har alle førestillingane vore inne.

– Gapskrattfestivalen er noko vi alle ser fram til, eit høgdepunkt i sommaren. Kom til Tresfjord og trim lattermusklane saman med andre feststemte menneske, er oppfordringa frå Bjørn Inge Olsen og Terje Øvstedal.