Ta med stol, korsong blir servert.

Ofte er det enkle det geniale. Litt artig at dei om lag 50 personane som var på Sandøya denne laurdagen kom til konsertlokalet bærande på kvar sin stol.

Inne i hallen var det reint og fint og i innerste kråa var det lagt utover eit stort persisk teppe som markerte scena til aktørane.

Når tida var komen for konserten, hadde alle funne sin plass i salen. - Og rart nok; akkurat nok stolar til alle.

Første gong som konsertlokale

Konfransier for konserten var Ingrid Sandøy. Ingrid var gift med Bjørn Sandøy og som eigde og bygde opp plastindustrien på Sandøya. Derfor var det naturleg å fortelje litt om historia til fabrikken.

Sandøy Plastindustri vart stifta i 1970, men planane om båtproduksjon vart allereie lagt i 1968 då Bjørn Sandøy var tilsett på Stord Verft.

Første huset vart oppsatt våren 1970 og bygg nr. 1 vart allereie levert same året. Produksjonen auka på, spesielt etter at båttypen «Sandy 31» blei satt i produksjon. Arbeidstokken auka også jamt og var på det meste oppe i 20 tilsette. Denne produksjonshallen som vi no er i, kom til i 1978.

I alt 206 båtar frå 27 fot til 61 fot vart produsert her på Sandøya. Den siste vart levert i 1999.

Den aller finaste båten Bjørn bygde var likevel båten han bygde til meg som 50 års gåve. Rett nok var den ikkje ferdig før eg var 57 år, men den 41 fot store båten med namnet «Andøver» vart som eit kongeskip å rekne. Kong Haakon 7 fekk også båt, kongeskipet «Norge». Denne fekk han som gåve av det norske folk på 70 års dagen sin, men denne båten vart heller ikkje levert før lenge etter fødselsdagen, kunne Ingrid fortelje med eit stort smil.

Bjørn døydde av kreft i 2008. Bjørn var musikalsk, så eg trur han hadde satt stor pris på å få kunne oppleve ein konsert i nettopp denne hallen.

Konserten

Først ut var Gule Blandakor med sin dirigent Bjarne Harøy. Koret rekruterer sine medlemmer frå Gule og Harøysundområdet i Fræna, kunne dirigenten fortelje. På plakaten var det også annonsert litt snert i programmet, men i programmet var det ikkje så mykje snert. Dirigenten batt likevel programmet saman på ein lett og fin måte der han hadde god kontakt både med sitt kor og sitt publikum. Alle såg ut til å kose seg.

På programmet hadde koret kjente og kjære kystsongar som nasjonalsongen for oss på Romsdalskysten: «Mellom bakkar og berg». Og vidare «Sommarvisa» og «Hus ved havet» av halvdan Sivertsen. Her i Sandøy er også songen til Finn Arne Roaldsnes og Robert Coates godt innarbeidd; «Voggesong for fiskarborn». Den klang godt i hallen.

Sotto Voce sitt program hadde også kystnatur og kystmiljø som sitt gjennomgåande repertoar. «Så skimrande var aldri havet», «Berg og båre» av Kari og Ola Bremnes og «Får jeg låne denne stund ved havet» av Helene Bøgsle for å nemne nokre.

Kva med klangen?

Mange var redd for at akustikken kunne bli vel dominerande, men faktisk var denne veldig bra. Det var som om lyden letta opp frå det persiske teppet og sveva mellom vegger og tak som ein god etterklang.

Janne Rosvoll Falch, dirigenten for Sotto Voce, opplevde klangen slik: Det føltes som vi song inne i ei gamal fuktig steinkyrkje. Ja, dette var veldig bra!

Signe Torill Eikrem og Ingrid Sandøy var også oppglødd.

- Dette må gjentakast, var konklusjonen.