– I friminuttet stod læraren oppe i vindauget og følgde med. Det var ikkje ringeklokke – læraren kakka på ruta når vi skulle komme inn, fortel Reidun Aasheim (70). Før og no

Eline, Martine, Linnea og Elvira, tredjeklassingar ved Raknes skule, følgjer med på Reiduns forteljing om å vere elev ved Uggelvik grendeskule «i gamle dagar», og kjem med fleire spørsmål. Dei skriv ned forteljingane, slik tredjeklassingar i heile kommunen no gjer, sidan dei deltek i eit spesielt prosjekt.

Bokprosjekt

Det er Kathrin Gangstad som har teke initiativet, og innsamla skulehistorier er tenkt inn i boka «Ei tid var, ei tid er». – Dette er eit stort samarbeidsprosjekt, der «det levande» er sentralt, seier Gangstad.

2018: Johan Gabriel, Julian, Ådne, Emil, Eline, Martine, Linnea og Elvira saman med Reidun Aasheim (t.h.) og Kathrin Gangstad (t. v) ved Gamle Ugelvik skule. Huset er no i bruk som grendehus.

Prat med pensjonistar

Raknes skule og Midsund Montessoriskule er med på opplegget. Tredjeklassingane har gruppevis intervjua 16 spreke seniorar, som har fortalt om sine skuledagar på dei no for lengst nedlagde skulane. – Det er ein utruleg historieskatt som ligg her, som vi no får jobba med på ein spesiell og artig måte, seier Gangstad.

1955: 1. og 2. klasse ved Uggelvik skule ved skulestart 1955. Andreklassingen Reidun Aasheim nummer 3 f.v.

Stadig færre skular

Per no er det tre skular i kommunen; Raknes, Midsund og Montessori-skulen på Midøya. Før var det mange, men mindre skular: Ugelvik, Rakvåg, Ræstad, Beinset, Nord-Heggdal, Sør-Heggdal, Søre og Nordre Midøy. Det var også skule i eit bustadhus på Magerøy.

Tran på skulen

Etter prat med seniorane har elevane mellom anna notert seg at elevar i gamle dagar måtte ta tran på skulen, dei hadde ikkje svømming, at det ikkje var ringeklokke, at det var skule annakvar dag, og at lærarar kunne vere svært strenge. Nokre rampestrekar har dei også fått vite om, som da ein elev klatra ut vindauget og stal ein moped utanfor!

Varierte minne

– Veldig artig å vere med på dette. Supert at nokon vil bruke tid og krefter på å samle stoffet, seier Reidun Aasheim. Ho har både gode og mindre gode minne frå skuletida, særleg med tanke på den strenge justisen i klasserommet.

Satsar

Kathrin Gangstad satsar 100.000 kroner for å trykke den nye «historieboka». – Det går nok bra. Den førre boka, Midsund-boka, vart riven vekk. Interessa for lokalhistorie er sterk i Midsund.