(smp): Torsdag starta både politiet og Havarikommisjonen undersøkingar etter dødsfallet på trålaren «Nordstar», heimehøyrande i Giske.

Det er som er klart er at mannen omkom under arbeid i ein tank, opplyser Havarikommisjonen torsdag ettermiddag. Dei har gjennomført samtalar med mannskap om bord.

– Hendinga vart raskt oppdaga, og han vart henta opp og gitt hjarte- og lungeredning av mannskapet om bord. Fartøyet kontakta norske og islandske redningstenester og sette kursen mot Island for å møte eit redningshelikopter som vart sendt derfrå. Helikopteret kom til fartøyet i overkant av to timar etter ulukka, men mannens liv stod ikkje til å redde, opplyser Havarikommisjonen.

Bjørn Bratfoss er undersøkingsleiar for kommisjonen. Til Sunnmørsposten seier han at dei i denne omgang avsluttar samtalane med mannskap i løpet av torsdag kveld.

Etter det Sunnmørsposten forstår, vil politiet halde fram med avhøyr fredag. Dei har gjennomført kriminaltekniske undersøkingar, og ventar også på obduksjonsrapport frå Island.

Dødsulukka skjedde søndag i internasjonalt farvatn sør for Island. Fartøyet var undervegs til Ålesund for lossing. Den døde fiskaren er frå Latvia og har familie der.

Etter det Sunnmørsposten veit, er tanken som fiskaren omkom i brukt til ensilasje. Ensilasje er fiskeavfall som blir konservert og tatt med til land, for å bruke det i til dømes fiskemjøl. «Nordstar» var blant dei første som tok med alt restprodukt til land på denne måten.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.