MIDSUND: – Det har teke frykteleg lang tid, det er vel no minst åtte år sidan det var klart at arbeidsforholda på det gamle kommunehuset ikkje er innanfor. Så tilsette i kommunen håper det no raskt går i orden med nybygg, seier Anders Brandsæter, hovudverneombod for tilsette i Midsund kommune.

Utolmodige tilsette

Tillitsvalde blir fortløpande orientert om prosessen – sist veke vart det presentert nye skisser for planlagt nybygg på Antonbua-tomta. Dei nye skissene viser eitt bygg, som skal innehalde både kontor for offentleg tilsette og for næringsaktørar, samt hotell.

– Det ser bra ut, spennande. No gjeld det berre at det er vert tempo og framdrift i prosessen. Tilsette begynner å bli utolmodige etter å komme inn i skikkelege lokale, seier Brandsæter, og viser til at Arbeidstilsynet for lenge sidan erklærte at forholda ikkje er bra nok.

Formalitetar

Rådmann i Midsund, Ketil Ugelvik, opplyser at kommunen er i dialog med dei tilsette, og av fleire årsaker er oppteken av tempo i prosessen.

– Samtidig må vi sikre at alt vert formelt rett. Dette gjeld særleg avklaring omkring seksjonering og eigarforhold, med tanke på at fleire partar er inne. Her ventar vi no på ei juridisk vurdering, seier Ugelvik.

– Kva vert gangen i saka vidare?

– Partane jobbar no ut frå den nye skissa, planen er nytt arbeidsmøte før ferien. Om alt er ok, kan ein komme i gang med bearbeiding for anbod, saka må truleg også ein siste gong til kommunestyret, og så vert det tilbodskonkurranse.

– Om alt går på skinner, når vert det innflytting?

– Etter eit endeleg startsignal, vil det nok ta minst eitt år, seier Ugelvik.

Siste arbeidsdag

– Eg har litt spøkefullt sagt at min siste arbeidsdag skal eg ha på nybygget, om det no er med eller utan tak, seier Ugelvik, som planlegg å takke av som pensjonist når Midsund kommune vert del av Nye Molde kommune i 2020.

Lokale for Nye Molde

Nettopp kommunesamanslåinga er ein viktig grunn for at rådmannen vektlegg framdrift i byggeprosessen.

– Når kabalen med kommunale og offentlege arbeidsplassar i den nye kommunen snart skal leggast, er det er viktig at vi her i Midsund er godt i gang og kan tilby gode lokale. Eg trur bygget som er på gang no, vil bli ei god og fleksibel kombinasjonsløysing, med 30 offentlege og private kontor, seier Ugelvik.

Ramme på 60 millionar

Midsund kommune har løyvd om lag 34 millionar kroner til kontor på Antonbua-tomta, inkludert opprusting av eksteriøret på Antonbua for om lag 5 millionar. Summen skal i hovudsak hentast frå potten på 100 millionar som kommunen får i samband med samanslåinga til nye Molde kommune.

Bygget som no er skissert, har ifølgje rådmannen ein totalkostnad på 55 millionar kroner. I tillegg kjem kostnader med uteområdet; der legg kommunen til grunn av fylkeskommune tettstadmidlar vil dekke behovet på om lag fem millionar. Kommunens andel er dermed om lag halvparten av summen, resten må næringsliv og hotellaktør dekke opp.

Aksjeteikning i mål

Gunnar Kvalsund, dagleg leiar i Midsund næringsforum, opplyser at han har hatt ferie og må oppdatere seg når det gjeld dei nye skissene.

– Dette må vi komme tilbake til. Men vi er i mål med tanke på aksjeteikninga vi gikk ut med for å få næringslivet med på satsinga, seier Kvalsund.

Midsund Næringsforum gikk i vinter ut og inviterte til aksjeteikning i Midsund sentrumsutvikling AS, for å få næringslivet med på utbygging på Antonbua-tomta. Målet var først omgang aksjekapital på 1,2 millionar kroner.

Verneombod: Anders Brandsæter. Foto: privat