Fleire har tatt til orde for at nynorsken treng si eiga litteraturhistorie, seinast etter at Jon Fosse fekk Nordisk Litteraturpris i 2015.

No er storverket «Nynorsk litteraturhistorie» her, ein to komma to kilo tung murstein. Ho er skriven av Jan Inge Sørbø, professor i nynorsk skriftkultur og arbeider ved Høgskulen i Volda.

Boka startar naturleg nok med 1850-talet og Ivar Aasen, er delt inn fire store periodar og fleire mindre. Eit utval forfattarar har fått eigen omtale; mellom anna Edvard Hoem, Knut Ødegård, Brit Bildøen, Lars Petter Sveen og Arnfinn Kolerud frå vårt område.

Eit omfattande arbeid

Romsdals Budstikke får tak i forfattaren på veg inn til lansering på Nasjonalbiblioteket måndag.

– Det har vore eit svært omfattande arbeid. Eg hadde nok ikkje sagt ja om eg ikkje hadde jobba med dette frå før, seier Sørbø, som har brukt to år på boka på oppdrag frå Samlaget.

– Kva var den største utfordringa?

– Det er å klare å fortelje ei forteljing medan ein skal omtale 200 forfattarar, samt å skildre det som ei historie; forfattarane er jo ikkje like, sjølv om det òg finst eit fellesskap, seier Sørbø.

– Kvifor treng vi ei litteraturhistorie berre for nynorsk?

– Det er det tre grunnar til. Nynorsken er ein litterær institusjon, som omfattar heile kretsløpet med eigne forlag og eigne tidsskrift. Det er det ytre. I det indre har nynorsken av og til vore i ein interessant utakt med det som skjedde elles i litteraturen. Dei nynorske forfattarane kunne vere seint ute. Og så har vi nokre viktige tema i nynorsken, som til dømes bondestudentane, seier Sørbø, og legg til:

– Det var heller ikkje enkelt å velje blant forfattarane, særleg ikkje i nyare tid. Dette utvalet vil eg tru gir grunnlag for diskusjon.

Ifølgje direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er det 1401 debutantar dokumenterte i tidsrommet 1843–2017.

– Sjå til Edvard Hoem

Blant dei som tek i mot boka med opne armar, er forfattar Øystein Hauge, som sjølv er nemnd i boka.

– Medan nynorsken stadig taper terreng i skule og media, ser vi at boklesaren bryr seg mindre om kva målform verket er skriven på. Sjå berre på mottakinga av Edvard Hoem sin store krønike om eiga slekt. Eller på skodespela til Jon Fosse, seier Hauge, som meiner verket peiker på breidd og kvalitet reint kunstnarleg i den nynorske bokheimen.

– Verket syner oss ganske enkelt kor viktig prosaforfattarar og poetar har vore for å kjempe fram nynorsk til eit fullverdig skriftspråk i Noreg, seier han.

– Blir ikkje nynorsk litteraturhistorie godt nok behandla i den generelle litteraturhistoria?

– Eg er langt på veg einig med dei som måtte meine at nynorske forfattarar har god nok plass i eksisterande litteraturhistorieverk. Samstundes fortener alle språk si eiga litteraturhistorie. Ei historie som kan peike på nokre særeigne litterære kvalitetar, slik Sørbø gjer det i dette verket. Han konsentrerer seg meir om bøkene enn om forfattarane. På leiting etter det særnynorske, om du vil. Slik blir den nynorske litteraturhistoria i det minste eit verdfullt supplement til eksisterand litteraturhistorieverk.

PS: Jan Inge Sørbø er bekreftet til årets Bjørnsonfestival.

Øystein Hauge. Foto: Rigmor Sjaastad Hagen Foto: Rigmor Hagen